Trygt og godt barnehage- og skulemiljøAlle tilsette i barnehage og skule i Bygland kommune har eit felles ansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande skule- og barnehagemiljø. Alle tilsette har også eit felles ansvar for å førebygge, avdekke, motverke og stoppe krenkande åtferd og mobbing. Ta kontakt med barnehagen eller skulen om barnet ditt ikkje har eit trygt og godt barnehage eller skulemiljø.. Barnehagen og skulen har plikt til å undersøke og sette inn tiltak om eit barn ikkje har det bra. Bygland kommune har vedteke ein plan, Handlingsplan for eit trygt og godt skule- og barnehagemiljø, som skal sikre eit systematisk arbeid for å skape eit trygt og godt miljø for barn i skule og barnehage i Bygland kommune.Skjema Melde frå om utrygt skulemiljø § 12-2Handlingsplan for eit trygt og godt skule- og barnehagemiljø (PDF, 4 MB)Lov om barnehagar, kapittel 8 - psykososialt barnehagemiljø Publisert 25.09.2023 11:01 Sist endra 20.10.2026 12:15