Næringsutvikling i ByglandBygland kommune satsar offensivt på næringsutvikling for å legge til rette for bedriftsetableringar og vekst av arbeidsplassar. Arbeidsplassar er av svært viktig for utviklinga av kommunen som ein god plass å bu og for all velferd.Blå og grønn næringsutvikling er eit satsingsområde i ByglandBygland kommune som omstillingskommuneOmstillingsprogrammet er ein ekstraordinær innsats for kommunar og regionar der det lokale næringslivet har forvitra og der mange arbeidsplassar har gått tapt. Bygland kommune har kome med i programmet, og mykje vil skje på desse sidene som vil gjelde næringsutvikling.Vi ser for oss at arbeidet med omstilling startar i løpet av dei første månadane i 2024.Følg med, dette blir spanande! Aktørar innan næringsutvikling:Bygland næringslagPågang næringshage Setesdal Interkommunalt Politisk Råd (SIPR)SIPR er ein interkommunalt samarbeid mellom kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle, bykle og Åseral. SIPR har som formål å utvikle Setesdalsregionen. Hovudmålet er levande inkluderande lokalsamfunn i ein vekst- og berekraftig region. Lenke til SIPR Regionalforvaltning.noHer kan du sende inn søknadar på støtteordningar som er utlyste på Refionalforvaltning.no. Aktuelle ordningar finn du i menyen på sidene, eller under Støtteordningar i toppmenyen på sidene. Du må registrere deg på sidene. Lenke til Regionalforvaltning.no KS - kommunesektoren sin interesseorganisasjonI tillegg til å vere interesseorganisasjon, er KS også ein utviklingspartnar. Alle kommunane og fylkeskommunane er medlemmer i KS. Lenke til KS sine sider om næringsutvikling Bygland kommune sitt næringsfondPrioriterte tiltak og satsingarTilskot til bedriftsutvikling, kompetanseheving og innovasjon blir prioritert. Investeringar i infrastruktur som kjem fleire verksemder eller ei heil næring til gode skal prioriterast. I tillegg vil ein legge vekt på fylgjande moment:- Sysselsettingseffekt generelt- Verdiskaping- Prosjekt som omfattar fleire verksemder/samarbeidsprosjekt- Lokale behov- Prosjekt som er med på å betre sysselsettingssituasjonen for ungdom, vert prioritert- Tiltak som trygger eksisterande arbeidsplassar Korleis søker du?Søknaden skal sendast inn via portalen www.regionalforvaltning.no. Søknadar som kjem direkte, blir sendt i retur.Vi behandler fortløpande søknadar som kan bli behandlar administrativt. Lenke til retningsliner for søknadar til kommunalt næringsfond i Bygland kommune (DOCX, 38 kB)Lenke til mal for forretningsplan Bygland kommune (DOCX, 26 kB) Publisert 14.07.2023 11:00 Sist endra 06.08.2025 11:23