Har du ein god ide i Bygland, så hopp i det!

Kjell Rune Heia i Containertech står for mange nye arbeidsplassar i Bygland. Han har trua på nye idear og ny giv innan næringslivet i kommunen – og lever etter mottoet «Life begins at the end of your comfort zone».

Av Marion Solheim

Primus motor i Containertech i Bygland har fått det til. Bedrifta, som i Bygland hovudsakleg leverer løysingar for vassrensing, har auka bemanninga med heile 20 årsverk – og fleire skal det bli.

-Ja, no er vi i ein prosess med å tilsette tre-fire nye personar for å ta høgde for den aukande aktiviteten, seier han.

-Vi håpar å ha desse på plass før sommaren. I tillegg er vi blitt godkjent lærlingsbedrift og vil gjerne ha inn to lærlingar på industrimekanikarfaget. Dette trur vi blir ein veldig god arena for å rekruttere nye fagarbeidarar, og noko som kan gjere det mogleg for unge å bu i regionen og gjere ferdig utdanninga her i staden for å måtte flytte ut. 

Nye løysingar på gamle problem

Foto: Containertech

Containertech sysselset 43 årsverk per dags dato. 23 av desse er i Bygland, og Askim er avdelingskontor med 20 årsverk. Bedrifta utviklar stadig nye løysingar, og har fått på plass nye produkt til både industrien, vei- og anleggsbransjen og Forsvaret.

-Aktiviteten er stor, og vi har mange spennande prosjekt som produserast og leverast ut frå fabrikkane våre både i Bygland og Askim, seier Kjell Rune.

-Eitt døme er ei løysing for å fjerne oppløyste tungmetall. Vi har modifisert eit eksisterande produkt og tilpassa det for å kunne monterast inne i Operatunellen i Oslo. Statens Vegvesen er blitt med på ein pilottest for rensing av tunellvaskevatn som i dag går ut i Oslofjorden. Blir dette ein suksess så ligg der eit stort potensiale og ventar. Det er mange liknande stader der det i dag er store utslepp som går rett i naturen utan gode renseløysingar.  

Bra for naturen og også bra for næringslivet i Bygland. 

 

For slike utviklingsprosjekt treng kompetanse, og Kjell Rune vil ha eit skikkeleg fagmiljø på plass. 

-Vi vil bygge ein solid utviklingsorganisasjon i Bygland som kan stå for produktutviklinga for begge fabrikkane våre.  Denne type arbeidsplassar og kompetansemiljø har eg stor tru på at vi både klarar å etablere her og at det er noko som vil bidra til nye byglendingar. 

Skal feire med rafting

Foto: Containertech

Kjell Rune ser lyst på framtida, for med stadig fleire folk, nye produkt og nye marknader så ligg alt 
til rette for 
vekst i bedrifta. Han er oppteken av eit levande næringsliv i Bygland og regionen - og har så absolutt gjort sitt for å bidra til det. Så vart han jo også «Årets Setesdøl» i fjor.

-Då vart eg for ein gongs skuld mållaus, ler han.

-Sjølv om det var eg som fekk prisen, så føler eg eigentleg at dette er ein pris til heile gjengen i Containertech på Nesmoen. Så feiringa, den har eg spart litt på. Uten dei andre så hadde ikkje denne veksten ha skjedd, så eg tenker det fortenar ei felles oppleving for alle saman. No ventar eg på litt varmare ver, så kan vi på Containertech ta ein felles tur på rafting, tenker eg. 

Problem er til for å løysast

Bygland er kanskje ikkje den mest opplagte plassen for bedrifter som Containertech med tanke på leverandørar i dei store byane. 

Men med god planlegging og litt lagerhald syns Kjell Rune det går heilt greitt. Han ser glaset som halvfullt.

-Det med å ligge i Bygland kan faktisk vere ein fordel, fortel han.

-Vi ligg innanfor ei pendlaravstand som folk er villige til å køyre til; vi kan trekke arbeidskraft frå Evje til Valle – og ein del frå endå lenger vekke. Så langt har vi vore heldig med å rekruttere gode kollegaar frå begge retningar, seier Kjell Rune.

Kommunen har han hatt eit godt samarbeid med sidan starten.

-Ja, vi har hatt ein god dialog. Dei ga økonomisk støtte då eg var i oppstarten, la til rette for fiber på Nesmoen og har generelt stilt opp der dei har hatt moglegheit. Og så må eg jo seie at ja, kommunen skal støtte lokalt næringsliv – men dei skal jo ikkje gjere jobben for oss. Den skal vi som driv næringsverksemd gjere sjølv. Så eg vil seie at Bygland er ein god kommune å drive næring i.

No har det blitt oppretta eit næringslag i kommunen, og det er Containertech-sjefen glad for.

-Her må vi klare å etablere ein aktiv møteplass for oss som driv næring. Eg skal ta sjølvkritikk for at eg ikkje har vore nok på ballen der, men eg trur at det å samlast og snakke saman kan gjere at vi får ein politikk og ein påverknad som trekk oss i den retninga som treff flest mogleg av oss som er næringsdrivande i Bygland. At vi kan styrke kvarandre sjølv om vi er i ulike bransjar er eg sikker på, seier Kjell Rune. Og han kastar like godt ut ein ny ide i same slengen.

-Ein tanke eg har er at det gjennom næringslaget kan vere ei form for «fadderordning» for dei som ønsker å starte noko nytt her i kommunen. Eg veit jo frå eiga erfaring at det tok mykje tid å finne fram i jungelen av ulike ordningar, få nettverk og så vidare. Og vi som er etablerte bør no gjere det vi kan for å få inn nye. Sjølv om det i nokre tilfelle kan oppfattast som ein konkurrent, så trur eg at det å få inn fleire aktørar gjev oss allemoglegheit til å vekse. Regionen vil bli sterkare og kunne tiltrekke seg både ny arbeidskraft og nye kundar. 

Omstilling og heile bildet

Foto: Containertech

Nye tankar og idear er også det omstillingskommunen Bygland vil ha fram. Kjell Rune trur omstillingsprosessen  byr på nye moglegheiter. Det er på tide å sjå heile bildet, seier han.

-Omstillinga trur eg vil vere ein god ting. Eg meiner at å få eit fokus på heilskapleg tenking inn mot næring, bustader og samfunnsutvikling er viktig. Det er mange ting som er bra i dag, men som rimeleg enkelt kan bli mykje betre ved å sjå heile bildet. Til dømes dette med bustader. Vi har mange som pendlar til Bygland og ikkje finn plass å bu - sjølv om dei kunne tenkt seg det. Her er det ein stor jobb å gjere, både med tanke på nye og attraktive tomtar og bustader – men også med dei husa som står tomme. Dei bør komme på marknaden. Eg vil oppfordre alle som sit på ein gard eller eit hus som dei ikkje brukar å legge ut for sal. Det er ikkje eit enkelt svar på dette, men eg håpar at gjennom oppsøkande arbeid og synleggjering av behovet så kan fleire ønske å selge til folk som vil busetje seg i Bygland. 

Å spele på lag

På same måte som Kjell Rune meiner at det lokale næringslivet bør spele på lag, så har han dei same tankane om kommunane i Setesdal.

-Eg trur det er viktig at vi også i omstillingsprosjektet held fokus på regionen Setesdal. Eg ønsker at Bygland skal vekse. Og all aktivitet som skjer i regionen er med på å styrke Bygland sine kommunen sine moglegheiter til å utvikle seg, sler Kjell Rune fast.

Og bli gode lagspelarar, det kan vi alle vere.

-Ja, eg vil oppfordre alle i kommunen vår som har tankar og idear om å komme med dei; ta kontakt med den nye Moglegheitsutviklaren, still opp på dei ulike tilstelningane som vil komme som resultat av omstillingsprogrammet, snakk med politikarane og snakk med kommunen. Og har du ein god ide, enten det gjeld næring eller anna utvikling: hopp i det! Det kan komme til å kreve mot, mykje arbeid og vilje – det kjem ikkje av seg sjølv. Men er ideen og prosjektet godt, så vil du ha moglegheit til å finne samarbeidspartnarar eller støtte for å klare det, avsluttar Kjell Rune Heia.