Folk i Bygland er rå på frivilligheit!

Bygland bugnar av innbyggjarar som er med på å halde kommunen levande og aktiv. Primus motor Anne Fauske i Frivilligsentralen er imponert over vilja til å stille opp for nærmiljøet.

Av Marion Solheim

-Berre gjennom Frivilligsentralen har vi om lag 100 frivillige, nok som er veldig bra med tanke på innbyggjartalet, og desse bidreg til om lag 20-30 faste eller sporadiske aktiviteter, fortel Anne. 

Stort spenn og mange ildsjeler

Anne Fauske i Bygland frivilligsentral

Bingo, bygdemiddagar og besøksven på Byglandsheimen. Følgehjelp til lege eller sjukehus, merking av stier og løyper, måndags-kafè, strikkekafè, styrketrening og BUA Bygland… 

Og dette er berre noko av det Frivilligsentralen organiserer. 

-Dessutan må eg ta med at det finst eit stort utval av frivillige lag og foreiningar som også gjer eit stort bidrag til frivilligheita. I foreningsportalen har me registrert 62 foreiningar! Eg meiner dette speiler frivilligheita i Bygland godt, seier Anne.  

Fleire spennande prosjekt i vente

Frivilligsentralen er involvert i nærmiljøprosjekt kring den sørlege delen av kommunen, der dei skal løfte levekår og jobbe på tvers av etatar og samskape rundt det. 

Ein flott gjeng med frivillige!

-Dette blir ein spennande prosess, der Fylkeskommunen er ein samarbeidspartnar, fortel Anne.

Men ikkje nok med det, det er meir i vente for dei frivillige.

-Frivilligsentalen jobbar også med eit nytt prosjekt for oss - ALLEMED. Det handlar i hovudsak om at at vi tek i bruk eit verktøy for at alle barn og unge skal ha tilgang til ei meiningsfull fritid uansett bakgrunn, seier ho. 

-Verktøyet er utprøvd andre stader, men det er nytt for oss. Her skal alle bli involvert i å finne nye løysingar - alle etatene i kommunen, næringsliv, lag og foreiningar og Frivilligsentralen. Først ut er ein dugnad der alle desse er invitert. Der skal vi sjå på korleis alle born og unge i kommunen vår skal få høve til å delta på fritidsaktiviteter, uavhengig av familieøkonomi.

Måla for denne dugnaden er å bli meir bevisst på kva som skal til for at Bygland blir ein endå meir inkluderande kommune, og så skal ein samlast om konkrete handlingar for å få alle med. 

Populære BUA 

BUA Bygland er allereie mykje brukt av byglendingane – og bruken berre aukar og aukar. Sidan 2019 har frivillige hatt hovudansvaret for utlån, seks dagar i veka gjennom heile året. Her kan byglendingar i alle aldrar låne gratis utstyr til både sommar- og vinteraktivitetar. Heilt gratis. Det kan vere alpinutstyr, telt, skøyter, kanoar, kajakkar, liggeunderlag, stormkjøken, langrennsutstyr, SUP-brett, stisykkel, racersykkel og mykje meir. 

-I fjor låg vi på andre plass på utlånsstatistikk samanlikna med kommunar i storleik 1000 – 10 000 innbyggjarar med 1 800 utlån. Berre til no i år har vi over 1000 utlån, fortel Anne entusiastisk. 

 Og tida går kjapt mot lysare tider no. Anne gleder seg allereie til sommarfesten. 

-Kvart år arrangerer vi sommarfest for dei frivillige. Det er alltid ein veldig triveleg dag; det er god mat, underhalding og gode samtaler. Det blir bra, avsluttar Anne. 

Kjelder: Bygland frivilligsentral