Opplæring i Friskus for lag og foreiningar

Opplæring i Friskus 22.09., Kommunestyresalen
  • Hendelse

Opplæring i Friskus for lag og foreiningar

Dato

Tysdag 22. september 2026

Tidspunkt

kl. 18:00 - 20:00

Stad

Kommunestyresalen, Bygland kommunehus

Last ned kalenderfil (.ics)

Bygland kommune inviterer lag og foreiningar til praktisk opplæring i aktivitetsportalen Friskus. Kurset skal gjere det enklare å synleggjere aktivitetar, nå ut til fleire innbyggjarar og styrkje det lokale organisasjonslivet.

Tysdag 22. september 2026 inviterer Bygland kommune til opplæring i Friskus i Kommunestyresalen, Bygland kommunehus. Friskus er ein aktivitetsportal som gjer det enkelt for lag og foreiningar å presentere aktivitetar og arrangement, samstundes som innbyggjarane får betre oversikt over det som skjer i lokalsamfunnet.

På kurset får deltakarane lære korleis dei kan opprette og bruke konto i Friskus, leggje ut aktivitetar og arrangement, samt nytte påmeldingssystemet når det er behov for det. Målet er at deltakarane skal kunne ta verktøyet i bruk med ein gong etter opplæringa.

Friskus kan bidra til å gjere aktivitetstilbod meir synlege, hjelpe lag og foreiningar med å nå fleire deltakarar og skape eit meir inkluderande og aktivt lokalsamfunn.

Kurset varer frå klokka 18.00 til 20.00. Det blir servert pizza, kaffi og brus, og deltakarane kan gjerne ta middagen på kulturscena denne kvelden.

Vel møtt til ei lærerik og praktisk innføring i Friskus!

Opplæring i Friskus 22.09., Kommunestyresalen

Foto: Bygland frivilligsentral

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bygland frivilligsentral

Kontakt

Anne Fauske

Om staden

Namn

Kommunestyresalen, Bygland kommunehus