Friluft UNG – for deg som er 13+! - Klatring på Bygland 27.08.

Fri Luft Ung - Klatring på Bygland
  • Hendelse

Friluft UNG – for deg som er 13+! - Klatring på Bygland 27.08.

Dato

Torsdag 27. august 2026

Tidspunkt

kl. 17:00 - 19:00

Stad

Bensinstasjon på Bygland

Last ned kalenderfil (.ics)

🌲🔥 Friluft UNG – for deg som er 13+! 🔥🌲

Er du klar for nye opplevingar, action og å bli kjent med andre ungdommar? Då er Friluft UNG noko for deg!

Friluft UNG er eit heilt gratis fritidstilbod for ungdom frå 13 år og oppover. Bur du i Bygland, eller kjem du frå ein nabokommune? Du er like velkomen!

Gjennom året skal vi finne på masse spennande aktivitetar saman. Dette er eit samarbeid mellom Bygland Frivilligsentral og Midt-Agder Friluftsråd, saman med fleire kommunar i regionen.

🚀 Kvar månad blir det ein ny aktivitet på kveldstid.

🍕 På alle aktivitetane får du også noko godt å ete – heilt gratis!

😎 Du treng ikkje vere ekspert på noko som helst. Her handlar det om å prøve nye ting, ha det gøy og skape gode opplevingar saman med andre.

🧗 Første aktivitet: KLATRING med Benny!

📅 27. August, kl 17. Oppmøte: Knapphus energi (bensinstasjonen på Bygland)

Har du lyst til å teste høgda, utfordre deg sjølv og kjenne meistringskjensla når du kjem til toppen?

Då må du bli med på klatring med Benny!

Du treng ikkje ha klatra før – alle får god opplæring og tett oppfølging. Tryggleiken kjem alltid først, så du kan fokusere på det viktigaste:

🤩 Å ha det skikkeleg gøy!

Ta med ein ven (eller fleire), og bli med på ein kveld full av utfordringar, latter og nye opplevingar!

Me gler oss til å sjå deg! 🌟

Påmelding spond: spond kode LWVSF

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bygland frivilligsentral / Friluft Ung

Kontakt

Anne Fauske

Om staden

Namn

Bensinstasjon på Bygland