Lislefarmen 2026 på Bygland museumstun tek til laurdag 29. august kl. 11.00 -16.00. Årets tema er «Viking».
Bygland husflidslag skipar til eit festleg program med bl.a.
- utstillare
- vikingar
- matsal
- aktiviteter for borna
- fiske konkurranse
- rundturar med D/S Bjoren
Skulptur av Langeidsverdet på Bygland
Foto: Bygland kommune
Klokka 12.30 inviterer Bygland kommune alle interesserte til å vere med på avdukinga av Langeidsverdet ved rundkøyringa på Bygland (berre 400 meter unna museumstunet).
Publikum får høve til å høyre meir om forskinga på Langeidsverdet, arbeidet med skulpturen og korleis kulturarven frå Setesdal vert formidla til nye generasjonar.
Hjarteleg velkomen til Vikingfest på Bygland 29. august!