Open vikingutstilling i Bygland

Vikingutstillinga på Bygland
  • Gjentakande aktivitet
  • Hendelse

Open vikingutstilling i Bygland

Dato

Torsdag 30. juli 2026

Tidspunkt

kl. 11:00 - 14:00

Stad

Biblioteket på Bygland

Last ned kalenderfil (.ics)

Bli med på ei reise tilbake til vikingtida! I sommar held vikingutstillinga på Bygland bibliotek ope, der du kan oppleve unike funn frå lokale vikinggraver. Utstillinga byggjer òg opp forventningane fram mot Lislefarm 2026, der vikinghandverk, vikingsmat og avdukinga av Langeidsverdet står på programmet.

I veke 28-32 er vikingutstillinga i gamle bankhvelvet på Bygland bibliotek open torsdag og fredag frå kl 11.00-14.00.

Takk til dei friviljuge som formidler lokal historie til både fastbuande og tilreisandeholder og holder utstillinga open denne sommaren!

Om vikingutstillinga i Bygland

Vikingutstillinga opna i 2024 i det nye biblioteket i Sentrumsbygget på Bygland (Sentrum 16, 4745 Bygland). Her får du sjå spennande funn frå vikinggraver på Neset og Frøysnes, mellom anna originale gjenstandar som sverd, smykke og spinnehjul – mange av dei utlånt frå Kulturhistorisk museum i Oslo. Du få òg sjå ein gamal vevstol frå yngre jernalderen (fra 550 evt. til cirka 1050 evt) som blei brukt heilt fram til vikingalderen

Lislefarm 2026

Laurdag 29. august skipar Bygland Husflidslag på nytt til Lislefarm med temaet vikingtid.

Her får me oppleve vikinghandverk og vikingsmat, kanskje litt kamp – og avduking av Langeidsverdet!

Dagar aktiviteten går føre seg

Juli

  • 30.07.2026
  • 31.07.2026

August

  • 06.08.2026
  • 07.08.2026

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bygland kommune

Kontakt

Ann Cecilie Attestog

Om staden

Namn

Biblioteket på Bygland