Redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO

  • Kommunen skal ha ei ordning som kan tilby reduksjon i foreldrebetalinga, slik at den per barn utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til husholdninga. Om maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til husholdninga, kan du søkje om redusert foreldrebetaling i barnehagen og /eller SFO. Frå 1.august 2021 vil inntektsgradert foreldrebetaling i SFO også gjelde elevar på 3. og 4. trinn.
  • Tilbodet om SFO til barn med særskilte behov på 5.–7. trinn skal vere gratis.

Søknadsskjema finn du lenger nede på denne sida (under "Vedlegg")

NB! Kostpengar kjem i tillegg.

Gratis kjernetid

Det er 20 timers gratis kjernetid per veke for 2-,  3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i husholdningar med låg inntekt. Føresette må søkje om dette på kommunens heimeside.

Frå 1. august 2021 er inntektsgrensa sett til 583 650 kroner.