I medhald til plan- og bygningslova (pbl) § 12-8 fyrste ledd har kommunestyret i Bygland kommune på møte 25.03.21, sak 14/21 vedteke oppstart av arbeid med å oppheve eldre reguleringsplanar (disposisjonsplanar).


Oppheving og endring av reguleringsplanar skal skje etter dei same føresegna som ved utarbeiding av ny reguleringsplan, jf. Pbl. § 12-14 fyrste ledd. Kva planar det gjeld, sjå Bygland kommune planarkiv 

Eventuelle merknader og/eller innspel til planarbeidet merkast med «oppheving av eldre reguleringsplanar» og kan sendast pr. e-post: post@bygland.kommune.no eller som brev til Bygland kommune, sentrum 18, 4745 Bygland.


Fristen for å kome med merknad/innspel er 13. august d.å

Lenger nede på denne sida kan du sjå dokumenta "Melding om vedtak" og "Oppstart av arbeid med å oppheve eldre reguleringsplanar"