Kva er ungdata?

UngData er ei lokal ungdomsundersøking, som er eit gratis tilbod til alle kommunar og fylkeskommunar i landet. Sidan 2010 har over 665 000 ungdommar frå nesten samtlege kommunar delteke i ungdata-undersøkinga. Ungdata gjev derfor eit godt innblikk i korleis det er å vera ung i Noreg i dag. 

Ungdata er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokale spørjeskjemaundersøkingar. Undersøkinga går ut på at skuleelevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring svarar på spørsmål om ulike sider ved livet sitt. Undersøkinga går føre seg i skuletida og blir gjennomført elektronisk.

Ungdata omfattar eit breitt spekter av temaområde (foreldre og vener, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel, rusmiddelbruk, risikoåtferd og vald). 

Ungdata i Bygland

 

Bygland gjennomførte Ungdata-undersøking våren 2019. Alle ungdomsskulelevane i kommunen deltok i undersøkinga.

Her finn du ulike rapportar frå undersøkinga våren 2019:

Bygland 2019 – Nøkkeltallsrapport (US)

Bygland 2019 – Trend (US) 2012_2014_2016_2019

 

Ung i Agder 2019

Ungdata-undersøkinga «Ung i Agder 2019» vart gjennomført i Agder våren 2019. Rapporten for Agder gjev ei samla oversikt over barn og unge sine oppvekstvilkår i Agder.

Rapport Ung i Agder 2019 (PDF, 32.6 MB)