Fysiske tiltak

Grunneigar må alltid gi tillating

Uansett type område så må ein ha tillating frå grunneigar føre ein set i gang med fysiske tiltak som stimerking, opparbeiding av nye stiar eller skiløyper, utsetting av turpostar og liknande. 

Avklaringar rundt parkering, jaktområde og liknande må gjerast i samråd med grunneigar. 

Kommunen kan bidra med informasjon om kven som er grunneigar i det aktuelle området.

Tiltak i verneområde eller naturreservat

Dersom ein ønsker å tilrettelegge i eit verneområde, må ein i tillegg ha tillating frå vernemyndigheita. Kva for tiltak ein tillater varierer frå verneområde til verneområde. Reglane finne ein i verneforskrifta for det enkelte område. Ved tilrettelegging i verneområde må det difor sendast to søknadar, både til grunneigar og til vernemyndigheit. Det er viktig å vera klar over at det ikkje er tilstrekkeleg at ein av desse gjev tillating. Skal tiltaket gjennomførast, må det ligge føre tillating frå begge.

Større tiltak

Tiltak som krev terrengendringar av ein viss storleik, for eksempel sykkelstiar, vil også kunne bli omfatta av reglane i plan- og bygningslova. Om det er krav om dispensasjons- eller byggesøknad etter plan- og bygningslova blir avgjort av kommunen. For å avklare om tiltaket er så stort at det krev tillating etter plan- og bygningslova, er det enklast å ringe kommunen og spørje.

Utanfor verneområda skal søknadar om større tiltak sendast til grunneigar og kommunen. Innanfor verneområda må det sendast tre søknadar, til grunneigar, verneområdemyndigheit og kommunen.

Ein tilrår å kontakte grunneigar og eventuelt forvaltningsmyndigheit for å diskutere tiltaket før ein sender søknaden. Ein vil da kunne få avklart kva for område som er sårbare, kva for tiltak som er tillate, krav til søknaden og liknande.

Kva søknaden må innehalde

Ansvarleg søkjar, kontaktperson og telefon/e-postadresse og adresse til kontaktperson

• Ei beskriving av tiltaket:

-Kva er formålet med tiltaket

- Beskriving av det fysiske tiltaket (for eksempel talet på og type turpostar)

- Eit kartvedlegg som viser geografisk plassering

- Periode tiltaket er tenkt gjennomført (for eksempel turpostar som blir sett ut 15. mai og teke inn 15. oktober)

- Dersom det er prat om meir permanente tiltak som merking av stiar

  • Korleis skal vedlikehaldet skje?
  • Kven er ansvarleg for å fjerne tiltaket?

Dersom tiltaket krev motorisert ferdsel i utmark bør søknad om slik transport sendast samtidig.

Det er laga ein rettleiar for dei som skal eige, drive eller planlegge turveger, løyper og stiar. Den finn du her.

Turløyper

Krevjande (raud løype)

oÅrdalsknapen

o Tjovhola

o Draumarnuten

• Middels krevjande (blå løype)

o Kvålsnapen

o Horgeknipen

o Flyvraket

Lite krevjande (grøn løype)

o Utsikten Landeskogen

o Fånefjell

Retten til informasjonen om turløypene tilhøyrer Visit Setesdal (www.setesdal.com)

Skiløyper

Bygland IL køyrer opp løyper når forholda tillet det. Varsling via Bygland IL si fb-side.

• Ljosløype på Heistad

• Løype frå Tangen og innover mot Sandvatn

DNT sitt sti- og løypenett

DNT driftar tre turisthytter i Bygland; Tjønndalen, Gaukhei og Josephsbu i Setesdal Vesthei. 

Oversikt over DNTs sti- og løypenett finn du her.