Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Referat frå møte i kriseleiinga 15.09.20:

Kriseleiinga har jamnlege møte i samband med Covid-19 - situasjonen. Nedanfor finn du punkt frå møte den 15.9.20

Les meir

Tilskott til drenering - søknad

  • Generelt om tjenesten

    Alternativt navn

    Grøfting - søknad om tilskott

    Tenesteomtale

    Føremålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord - til fordel for både avlingar og miljø. For planerte areal kan det også bli gjeve tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

    God drenering (grøfting) er viktig for å få gode avlingar. Store delar av dyrkajorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gjev dårlege veksttilhøve for plantane og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegere kvalitet. Dårleg drenert jord gjev òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.

    Tilskotet kan ein ikkje gje der tiltaket fører til

    • monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
    • stor fare for flaum og vassureining
    • fare for skade på automatisk freda kulturminne

    Tilskot kan ein heller ikkje gje der tiltaket er starta før tilskotet er innvilga.

    Målgruppe

    Eigar av, eller føretak som leiger jordbruksareal med behov for ny drenering

    Kriterium/vilkår


    Pris for tenesta


    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Samarbeidspartnarar

    Kulturminnemyndet (kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen og Sametinget) skal uttale seg når tiltaket kan involvere interesser innanfor deira fagområde.

    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-Porten i Altinn.

    Vedlegg

    Obligatorisk vedlegg:
    • kart med grøfteskisse
    Andre aktuelle vedlegg:
    • avtale med eigar om å gjennomføre tiltaket
    • dokumentasjon av tidlegare drenering eller planering.

    Søknadsfrist


  • Saksbehandling

    Saksbehandling


    Saksbehandlingstid


    Klagemulighet

    Kommunen gjer vedtak om søknaden. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda i kommunen ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-01-20 13:31
    Gyldig til
    2020-11-30