NMSK-midlar
Du kan søke om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket, NMSK. Kommunen får tildela NMSK-midlar i frå Fylkesmannen i Agder, og kommunen prioriterar kva midlane kan nyttast til innanfor gitte rammer. Etter søknad kan det gis kommunale NMSK-tilskot til:
- Markflekking 30 %
- Skogplanting 20%
- Ungskogpleie 30 %
- Nybygging og ombygging av skogsvegar 25 – 40 %
- Skogsdrift med taubane, hest o.a. 60 – 90 kr/m3
I Setesdal har ein vedteke felles retningsliner for handsaming av søknadar og like tilskotssatsar. Retningslinene følgjer under:
Skogkultur
Skogsvegar
Drift med taubane, hest o.a.
Meir om tilskotsordning i skogbruket finn du her
Tilskot til tettare planting som klimatiltak
Det gis tilskot til tettare nyplanting og suppleringsplanting etter hogst på eksisterande skogareal
Ekstraordinært tilskot til planting
Det er innført ekstraordinært tilskot på kr 1,30 pr. plante pga. koronasituasjonen. Gjelder berre vårplanting 2020.
Meir om ekstraordinært plantetilskot finn du her
Ta kontakt med skogbrukssjefen om du trenger meir informasjon eller veileiding om tilskotsordningar i skogbruket.