Kommunestyret fatta i budsjettmøtet i desember dette vedtaket:

"Kommunedirektøren vert beden om å gjennomføre ein prosess for å sjå på dagens skulestruktur i kommunen. Prosessen må gjennomførast slik at alle som vert berørt av ein evt. endring av struktur vert involvert, dvs. foreldre/føresette, elevar, lærarar og tillitsvalde ved båe oppvekstsentra. Resultatet av prosessen vert å leggje fram for kommunestyret for vidare handsaming innan 15.04.21."

I samband med dette vil alle føresette bli invitert til å delta på ei spørjeundersøking. De vil om nokre dagar få ein e-post med link til spørjeundersøkinga. Grunna vinterferie er svarfrist sett til tysdag 2.mars.

Spørjeundersøkinga er anonym, og opplysningane vil ikkje bli lagra lenger enn det som er nødvendig for formålet (Personvernlovgivinga). Kommunedirektøren er behandlingsansvarleg.

Vi håper mange tar seg tida til å svare på spørsmåla, slik at kommunen har eit breitt bilete av kva de som føresette meiner om ein framtidig oppvekststruktur.