Status: Covid-19 i Bygland kommune

Status på isolasjon/karantene/avventante karantene pr. 8.2.21 kl. 10:00

Kommuneoverlegen har i dag friskmeldt vedkomande som var i isolasjon. Då er statusen at vi har ingen i isolasjon, dei som var i karantene er ute av den, og vi har ingen i avventande karantene.

 

Status på isolasjon/karantene/avventande karantene 4.2.21 kl. 20:00

  • Isolasjon: 1 person
  • Karantene: 2 personar
  • Avventande karantene: 0

Dei to testane som blei tatt i går, var negative.

Status på isolasjon/karantene/avventande karantene 3.2.21 kl. 20:30

  • Isolasjon: 1 person
  • Karantene: 2 personar
  • Avventande karantene: 2 personar

Det betyr då at alle som blei tatt test av på måndag og tysdag hadde eit negativt prøveresultat. Det blei tatt 2 testar i dag, dei to sit i avventande karantene.

Kommuneoverlegen har gitt Coop Byglandsfjord beskjed om at dei kan opne butikken att, under føresetnad av at det blir gjort smittevask, og at dei brukar eksternt personell.

Status på isolasjon/karantene/avventande karantene 2.2.21 kl. 20:15

  • Isolasjon: 1 person
  • Karantene: 2 personar
  • Avventande karantene: 22 personar

I løpet av dagen/ettermiddagen har det kome prøvesvar på dei testane som blei utført i går (1.2.21). Det medfører at det pr. no er 22 i avventande karantene.

I løpet av dagen i dag blei det tatt 18 testar

Status på isolasjon/karantene/avventande karantene 2.2.21 kl. 10:45

  • Isolasjon: 1 person
  • Karantene: 2 personar
  • Avventande karantene: 38 personar

Talet på personar i dei ulike kategoriane kan bli justert etterkvart.

Kriseleiinga skal ha møte i ettermiddag kl. 16:30. Heimesida vil bli oppdatert fortløpande ved endringar.

Byglandsfjord legekontor er ope tysdag 2. februar frå kl. 09:00 - 14:00 for testing av personar med symptom på Covid-19

Oppdaterte tall på isolasjon/karantene/avventande karantene pr. 01.02.21 kl 19:50

Pr. no ser tala slik ut:

Isolasjon: 1 person
Karantene: 3 personar
Avventande karantene: 48 personar


Byglandsfjord legekontor har vore ope i ettermiddag frå kl. 15:00 - 19:30 for testing for Covid-19 i samband med smitteutbrotet. Det blei tatt 43 testar.

Melding om smitte i Bygland kommune

Bygland kommune fekk måndag 1.2. melding om 3 stadfesta smittetilfeller av Covid-19 knytta opp mot Coop Byglandsfjord. Kriseleiing er no sett. Dei smitta er i isolasjon, og alle nærkontaktar vert testa og sit i karantene.

Om du har vore på denne butikken frå måndag til laurdag i førre veka og kjenner på sjukdomssymptom, ber vi om at du testar deg og set deg sjølv i avventande karantene.

Legekontoret på Byglandsfjord vil få forsterka kapasitet. Kontoret er ope for testing frå kl 15- 20 måndag kveld. Telefonnummer for å bestille testing: 90 60 60 11 eller koronatelefonen: 94 17 39 12

Butikken på Byglandsfjord er stengt fram til onsdag i fyrste omgang.

Nasjonale råd

Myndigheitene ber alle som bur i Noreg om å lese viktig informasjon og råd om koronavirus på:

Råda kan endre seg. Denne informasjonen er tilgjengeleg på norsk og engelsk.

Om du har problem med å forstå informasjonen, ber vi det til å be nokon du kjenner om hjelp.