Status på vaksinering

Her finn du ei oversikt over kor mange som blir vaksinert. Talla vil bli oppdaterte jamnleg.

Oppdaterte tal pr. 25.02.21
Innbyggjarar:
46 personar er fullvaksinert og 24 som har fått dose 1
Kritisk helsepersonell: 7 fullvaksinerte og 8 personar som har fått dose 1.

Dei vi vaksinerer no: Vi held no på med dei som er fødde i 1942. 

Vi har ikkje fått vaksiner nok til å gå vidare på lista. Dei vaksinane vi har fått no, må vi bruke til å vaksinere dose 2. Det same gjeld dei få vaksinane vi får både i veke 8 og veke 9.

Det som er viktig å vite, er at vi ikkje kan frakte oppblanda dosar frå Byglandsfjord til Bygland eller motsatt. Om eit vaksineglas blir oppblanda på Byglandsfjord, må alle dosane i glaset bli sette på Byglandsfjord.

Her kan du lese Folkehelseinstituttet sin prioriteringsrettleiar

Veke Dato Talet på dosar Til revaksinering Nye
1 5.1 6    
2 12.1 6    
3 19.1 6    
4 26.1 18 6 12
5 2.2. 30 6 24
6 9.2 24 6 18
7 16.2 24 12 12
8 23.2. 24 24 0
9 2.3. 18 18 0
10 9.3 18 12 6

 

Vi gjer merksam på at det har blitt endring i oppmøteplass ved 1 - 50 dosar: 

Leilegheit i underetasjen på Byglandsheimen og ei leilegheit på Byglandsfjord. (Tidlegare var det kommunestyresalen og legekontoret på Byglandsfjord). Alle vil få beskjed om kvar dei skal møte.

 

Tid og stad

Du vil få melding om oppmøtetid og -stad når du får innkalling. Det er svært viktig at ein prioriterer denne avtalen, og heller endrar på eventuelle andre avtalar. MEN, dersom ein har symptom på luftvegsinfeksjonar (som feber, hoste eller forkjøling), må ein gi melding om at ein ikkje kan møte. Då kan denne dosen gå til den neste på lista, og du vil igjen få høve til å ta vaksinen veka etter.

Ring Bygland kommune på tlf. 37 93 47 00 dersom du ikkje kan bli vaksinert.

Viktig
Ein må møte opp på tidspunktet ein har fått - ikkje før eller etter. Dette er for å hindre at mange menneske blir samla på ei gong.

Vaksinasjonsstad

Dette vil variere ettersom kor mange som skal vaksinerast, og kor mykje plass vi treng. Du vil få melding om kvar du skal møte, og kva tidspunkt du skal møte.

Vi vil så langt som råd tilpasse oppmøtestaden som ligg nærast der du bur.

Hovudregelen er:

  • Dersom vi får 1 - 50 dosar: Leilegheit i underetasjen på Byglandsheimen eller ei leilegheit på Byglandsfjord
  • Dersom vi får over 50 dosar: Byglandshallen eller Årdalshallen