Utgangspunktet er å tilby sommarjobb for ungdom busett i Bygland kommune i alderen 16 - 20 år i tidsrommet f.o.m. 22.06 t.o.m. 13.08. Målsetjinga er å kunne tilby minst 2 veker samanhengande arbeid pr. ungdom. Tilbodet om talet på arbeidsveker vil vere avhengig at talet på søkjarar.

Arbeidet sin art vil vere:

  • Byggvedlikehald, i hovudsak måling
  • Stell og vedlikehald av grøntanlegg m.a. plenklypping og vegetasjonsrydding
  • Reinhald, som t.d. vindusvask, nedvask m.v.
  • Krypsiv og avfallsrydding langs Åraksfjorden
  • Diverse arbeidsoppgåver i samråd med arbeidsleiinga

Ungdom med spesielle kvalifikasjonar kan få utvida arbeidsperiode og evnt. noko arbeidsleiaransvar.

Krav til søkjar:

  • Du må vere fylt 16 år før arbeidsperioden startar
  • Du må ha arbeidsløyve i Noreg
  • Du må ha bustadadresse i Bygland kommune
  • Du må kunne arbeide innafor det tidsrommet arbeidsgjevar avgjer og med dei arbeidsoppgåver arbeidsgjevar definerer og har behov for
  • Du må kunne gjennomføre eventuelle kurs/opplæring som er nødvendig for å ha lov til å gjennomføre ulike arbeidsoppgåver. Eventuelle kurskostnadar blir dekka av Bygland kommune
  • Det vil for fleire av oppgåvene vere ein fordel å ha bilsertifikat med tilhengar, moped - og/eller traktorlappen, båtførarprøve m.v. samt eventuelle kurs i t.d. stell, vedlikehald og bruk av motorsak/anna motorreiskap, stillasbruk mv.
  • Søknaden må sendast på eige skjema. (Vedlegg lenger nede på sida)

Lønn:

Avlønning i henhald til Kommunanes sentralforbund (KS) sine tilrådingar for lønn til unge arbeidstakarar.

 

Anna:

Bygland kommune må ta atterhald om at tiltaket kan bli gjennomført grunna Covid-19 situasjonen.

Kontaktpersonar: Driftsleiar Fredrik Langfeldt, tlf 945 32 945 eller tenesteleiar Kjell Øyvind Berg, tlf. 918 63 403

Søknadsfrist: 10.05.21