Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Referat frå møte i kriseleiinga 15.09.20:

Kriseleiinga har jamnlege møte i samband med Covid-19 - situasjonen. Nedanfor finn du punkt frå møte den 15.9.20

Les meir

Skogfond

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift. Skogfondsmidlar kan brukast til

    • all form for skogkultur
    • underskott ved tynningsdrift
    • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
    • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
    • vegvedlikehald av skogsbilvegar
    • meirverdiavgift
    • skogbruksplan
    • skogforsikring
    • grensearbeid i utmark
    • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
    • miljøtiltak
    • bioenergitiltak

    Det er innført eit ekstraordinært plantetilskot på 1,30 kr per plante for all vårplanting i 2020.
    Tilskotet blir utbetalt til alle som utfører planting våren 2020.
    Skogeigarar som utfører plantearbeidet sjølv, eller som ikkje nyttar seg av skogeigarpartslag eller sentrale aktørar til plantearbeidet, søkjer kommunen om det ekstraordinære tilskotet gjennom skogfondssystemet. I dette tilfellet søkjer ein om tilskot etter at plantinga er gjennomførd og det blir ikkje kravt førehandssøknad. Frist for å søkje om ekstraordinært tilskot er 1. september 2020.

    Målgruppe


    Kriterium/vilkår

    For at skogfondsmiddel skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

    Pris for tenesta


    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende


    Skogfond - spørsmål og svar

    Samarbeidspartnarar


    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du sender eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondsmidlar (inkludert utbetaling for eige arbeid) til kommunen. Bruk søknadsskjema frå Landbruksdirektoratet - sjå lenkja under.

    Skjema

    Landbruksdirektoratet har gjort dei elektroniske tenestene tilgjengelege på Altinn. For at du skal kunne bruke Altinn, må skogeigendommen vere registrert på ein personleg eigar med eit fødselsnummer. Sjå skjema LDIR-909 og LDIR-910.

    Altinn - Skogfondsystemet
    Landbruksdirektoratet (forskjellige skjema)

    Vedlegg

    Kvitteringar og fakturaer for utgifter som du ønskjer å få dekt.

    Søknadsfrist

    Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn, men du må sende krav om utbetaling av skogfondsmidlar til kommunen seinast eitt år frå utgangen av det kalenderåret du gjorde investeringa.

  • Saksbehandling

    Saksbehandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-01-20 13:31
    Gyldig til
    2020-11-30