Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skatteattest

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Du treng skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt) eller tinge han frå Altinn (sjå lenkja nedanfor). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst). Attesten blir sendt til deg innan to arbeidsdagar etter at tinginga er teken imot.

    Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune til ei verd over 500 000 kroner eks mva. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å stå fram som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Samarbeidspartnarar

    Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Skattekontoret er ei samling av det tidlegare likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret i éin organisasjon regionalt.

    Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattekontoret regionalt vil kunne gje fleire opplysningar om ordninga med skatteattestar.

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå § 7-2 i forskrifta.

    Forskrifter

    Anskaffelsesforskriften

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Ta kontakt med:
     

    Skatteoppkrevjaren i Setesdal
    Kasernevegen 19
    4735 Evje

    Tlf 37 93 23 00
    Epost: skatt@bygland.kommune.no

  • Saksbehandling
  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Skatteoppkrevjaren i Setesdal
    Telefon:37 93 23 00
    Epost:bente.lantz@bygland.kommune.no
    Postadresse:Kasernevegen 19 4735 Evje
    Besøksadresse:Kasernevegen 19 4735 Evje
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-01-20 12:22
    Gyldig til
    2020-11-30