I kommunestyremøtet 15.12.22, sak 73/22 gjorde kommunestyret følgjande vedtak:

«Bygland kommune vedtek å leggje kommunen sin del av aksjane i eigedomsselskapet Nesodden Industribygg AS (som eig industribygget og tomta på Nesmoen 25) ut for sal. Kommunen eig 99,17 % av aksjane i selskapet, medan Tredal Eigedom AS eig resten. Val av kjøpar vert bestemt på bakgrunn av ei heilskapleg vurdering der pris, samt kjøparen sin forretningsplan og framtidige planar for utvikling av bygget og eigedomen rundt, er kriteria som vert vekta. Formannskapet vert gjeve fullmakt til å velge kva kjøpar som skal få kjøpe aksjane i eigedomsselskapet eller forkaste samtlege bod etter bodrunden er ferdig. Formannskapet vil også få fullmakt til å godkjenne kontrakten mellom kommunen og kjøpar av aksjane.»

På bakgrunn av dette lyser kommunen ut sine aksjar i Nesodden Industribygg AS for sal. Meir konkrete detaljar om kommunen sine rettigheitar i etterkant av eit eventuelt sal, vil bli konkretisert i ei kontrakt om sal.   

Prosessen vil bli lagt opp som følgjer:

31. mars  Frist for innlevering av søknad om kjøp.
19. april:  Kommunedirektøren anbefaler den kjøparen som har det beste konseptet og dei beste føresetnadane for å sørge for næringsaktivitet og arbeidsplassar i    industribygget som selskapet eig, i ei sak som vert sendt til formannskapet for
handsaming.
26.april:   Formannskapet vedtek om kommune sine aksjar i Nesodden Industribygg AS skal seljast, og eventuelt til kven.


            

Om søknaden:

Interessentar vert bede om å sende ein søknad og kan bruke vedlagte forretningsplan som mal. Interessentane må og opplyse i søknaden om prisen dei vil betale for aksjane. Interessentar står fritt til å take bort dei deler av forretningsplanen som ikkje er relevante. Bedrifter som søkjer må kunne vise til solid finansiell bereevne og ha ein plan på korleis dei skal sørge for aktivitet og arbeidsplassar i bygget. Etablerte bedrifter må opplyse om følgjande i søknaden:

  • Kort om bedrifta og kva den driv på med i dag.
  • Talet på tilsette i dag, samt omsetning i 2022.
  • Anslag på omsetning i 2023.
  • Planar for framtidig utvikling av eigedomen, på kort og lang sikt. Om det føreligg planar om å tilsette fleire folk, bør dette opplysast om.
  • Prisen bedrifta tilbyr for aksjane.

Søknadar med bod skal sendast til post@bygland.kommune.no.

Om driftskonsept og utvikling av eigedomen:

Kommunen skal leggje til rette for auke i arbeidsplassar, og for kommunen vil det viktigaste difor vere at interessenten kan dokumentere at den vil sørge for så mange fysiske arbeidsplassar som mogleg på eigedomen. Konseptet må og vere i tråd med gjeldande reguleringsplan for området, som seier følgjande:

«I området skal det førast opp bygningar for handverk og/eller industri med tilhøyrande anlegg.»

Om Nesodden Industribygg AS:

Selskapet eig ei tomt på om lag 17 dekar, og eit industribygg på 3050 m2, kor kontordelen utgjer 220 m2 og industridelen utgjer 2830 m2. Adressa er Nesmoen 25, 4745 Bygland, og heile eigedomen er regulert for industriverksemd. Bygget vart oppført i 1976, og bygd på 840 m2 i 2007. Takhøgde er cirka 4,5 meter i den gamle delen og 7 meter i den «nye». Slik bygget står no, er det avgrensa moglegheiter for oppvarming, dette er noko kjøparen må sørge for sjølv. Bygget har sprinklaranlegg som avgrensar reell arbeidshøgde i den gamle delen til 2,90 meter. Bygget har eit relativt stort vedlikehaldsbehov, og mellom anna bør alle vindauga skiftast ut, ein lekkasje i taket må utbetrast og golva bør reparerast/rettast. Det bør og vurderast å bytte ut tekniske anlegg i bygget eller tilpasse dei til moderne drift. Bygget er også veldig stort og lite energieffektivt, som gjer at straumkostnadane er høge, med mindre kjøparen gjer ENØK-tiltak.

Kontaktpersonar:

Interessentar kan kontakte følgjande for nærmare informasjon om salet av aksjane:  

Sigbjørn Fossdal, ordførar Bygland kommune 91 54 78 15
John Sigridnes, kommunedirektør Bygland kommune 99 09 46 63
Knut Olav Forgard, styreleiar Nesodden Industribygg AS 41 66 83 08