Konklusjon av risikovurderinga 30.4.21

Det blei den 30.04.21 tatt ei ny risikovurdering i høve Covid-19 i kommunane Bygland og Evje og Hornnes. Vurderinga no er at vi er på risikonivå 1

Ei samla vurering gir ei heilheutsvurdering av at Bygland og Evje og Hornnes kommunar er på risikonivå 1

Grunngjeving: Ingen smitta i kommunane i dag. Vi set risikonivå 1 til tross for høgt smittetrykk i omkringliggjande kommunar. Ein er uroa i høve start på russefeiring. Mobiliteten til russen kan auke risikoen noko. Det har vore førebyggjande undervisning for russen på Hornnes. Det er tilsvarande bekymringsfullt i høve KVS Bygland og kontakt med andre avgongselevar i andre kommunar.

 

Konklusjon av risikovurderinga 23.4.21

Det blei den 23.04.21 tatt ei ny risikovurdering i høve Covid-19 i kommunane Bygland og Evje og Hornnes. Vurderinga no er at vi har gått frå nivå 2 til 1.

Ei samla vurdering gir ei heilheitsvurdering av at Bygland og Evje og Hornnes kommunar er på risikonivå 1

Grunngjeving: Smittetrenden er nedadgåande. Kjem det ny smitte no, er dette sannsynlegvis frå nye tilfelle.

Det er mykje smitte i kommunar rundt. Dette kan auke risikonivået noko, men likevel ikkje så mykje at vi vel å auke til nivå 2. Dette må vi vere obs på vidare.

 

Konklusjon av risikovurderinga 16.4.21

Det blei den 16.4.21 tatt ei ny risikovurdering i høve Covid-19 i kommunane Bygland og Evje og Hornnes. Vurderinga no er at vi har gått ned frå nivå 3 til 2.

Ei samla vurdering gir ei heilheitsvurdering av Bygland og Evje og Hornnes kommunar er på risikonivå 2
Grunngjeving: Dei som har smitte er alle i isolasjon. Evnt. nye tilfelle her, vil vere av personar som allereie er i karantene. Kommunane har utført forsterka testing, spesielt dei siste 7 dagane.

 

Konklusjon av risikovurderinga 12.4.21

Ei samla vurdering gir ei heilheitsvurdering at Bygland og Evje og Hornnes kommunar er på risikonivå 3
Grunngjeving: Smittesituasjonen på Bygland har forgreiningar til andre kommunar. Det er fleire nærkontakter i Evje og Hornnes kommune. Ein veit framleis ikkje kvar smittekilden er, eller om ein har klart å fange opp alle nærkontakter.

 

Konklusjon av risikovurderinga, 9.3.21

Ei samla vurdering gir ei heilheitsvurdering at Bygland og Evje og Hornnes kommunar er på risikonivå 1

Grunngjeving: Det er ein smitta i Evje og Hornnes. Kjent smitteveg.

Effekten etter påske vil bli avklart denne veka for båe kommunane. Ein konkluderer difor at vi er på risikonivå 1.

Ny risikovurdering kjem fredag 16. april.

Oversikt over dei ulike risikonivåa

Risikonivå Beskrivelse
Nivå 1 (Kontroll) Ingen eller få påviste tilfelle, men mogelegheit for oppblussing
Nivå 2 (Kontroll med klynger) Lokale og regionale utbrot som blir kontrollert. Insidensen er gjerne noko varierande som følgje av utbrot. Tilfella kan vere avgrensa til visse grupper, og bare ein liten del (under 10%) har ukjent smittesituasjon. Testing og smittesporing blir handtert greitt
Nivå 3 (Aukande spreiing) Aukande insidens utanom avgrensa utbrot og fare for rask akselerasjon i insidens. Tilfella er dels sporadiske og dels klynger i ulike miljø. Rundt 10 - 20% har ukjent smittesituasjon. Kapasitet for smittesporing og testing er under press.
Nivå 4 (Utbreidd spreiing) Høg og rask aukande insidens utanom avgrensa utbrot. Press på kapasiteten til sjukehusa. Aukande insidens eller fleire utbrot i sårbare grupper. Rund 20 - 30% har ukjent smittesituasjon. Aukande insiden av innleggingar od dødsfall. Kapasitet for smittesporing og testing er overbelasta.
Nivå 5 (Ukontrollert spreiing) Ukontrollert spreiing i samfunnet og fare for å overskride sjukehusa sin kapasitet. Akselererande insidens utanom kjente utbrot. Meir enn 30% har ukjent smittesituasjon. Smittesporing er ikkje gjennomførbart for mange tilfelle på grunn av kapasitetsmangel

 

https://www.fhi.no/nettpub/overvaking-vurdering-og-handtering-av-covid-19-epidemien-i-kommunen/ti-trinn2/4.-risikovurdering/?term=&h=1

Risikovurdering er utført av: kommuneoverlege for kommunane Bygland og Evje og Hornnes Åsulv Horverak, Astrid Andersen, Sigmund Olav Syrtveit (Eog H kommune) og Kjersti Plathe (Bygland kommune)