Kommunestyret i Bygland kommune vedtok i PS 17/2019 oppstart av revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Ny kommuneplan vil erstatte gjeldande kommuneplan frå 2011.

Formålet med kommuneplanen er å skape ein open, konsistent, langsiktig og føreseieleg politikk og arealbruk for Bygland kommune. Strategien skal gå på tvers av politiske organ og administrasjon, og blir utforma i tett samarbeid med innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv.

Kommuneplanprosessen skal sikre bidrag og eigarskap til ei langsiktig retning for Bygland kommune.

Offentleg høyring av planprogram
Første steg i arbeidet er utarbeiding av planprogram. Planprogrammet er ein "plan for planen" og fungerer som ein disposisjon for planarbeidet. Det er eit dokument som seier korleis planarbeidet skal organiserast, kven som skal delta, kva problemstillingar som skal ha fokus og kva utgreiingar som skal gjennomførast.

Høyringsframlegget til planprogram er lagt ut til offentleg ettersyn i 1. etg på kommunehuset og på biblioteka på Bygland og Byglandsfjord. Det ligg og lenger nede på denne sida.

Innspel
Vi håpar så mange som mogleg vil gje innspel. Vi ber om innspel til heile planprogrammet, særleg til

  • innbyggjarmedverknad og dialog
  • innhald og tema som skal utgreiast og drøftast i planarbeidet

Eventuelle merknader til forslaget til planprogram kan sendast inn på følgjande måtar:

  • Post til Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland
  • E-post til post@bygland.kommune.no

Merk innspela med saksnr 2019/77

Frist for innspel er 25. april 2019.

For meir informasjon om planarbeidet, kontakt sakshandsamar Sonja Lien Skjevrak, tlf 90151154, sonja.skjevrak@bygland.kommune.no

Lenke til høyringsframlegget