Smart lokalsamfunn - gjennom samarbeid

I samarbeid med Agder fylkeskommune og innovasjonsklynga Nordic Edge, er ambisjonen å identifisere konkrete innovasjons- og næringsutviklingsprosjekt som byggjer på den spisskompetansen og dei fortrinna vi allereie har i Bygland, og dei moglegheitene vi har til å bruke ledig areal til å skape nye tilbod. Presteneset er eitt slikt område som vi ønskjer å utvikle i samarbeid med næringslivet og innbyggjarane.

Vi har gjennomført ein digital ideverkstad (10.3.21) der vi saman såg på lokale utfordringar. 

Vi har gjennomført ei spørjeundersøking der vi ba om  tilbakemelding frå innbyggjarar og næringsdrivande på kva som er viktig å inkludere i arbeidet.

Vi har gjennomført ein ny digital ideverkstad (07.04.21) der vi inviterte inn endå fleire deltakarar. Der diskuterte i moglegheiter og idear som vil gjere Bygland til ein endå betre stad å bu, arbeide og besøkje.

Oppsummeringa kan du finne nedanfor under "Vedlegg"

Med utgangspunkt i ideverkstadane vil vi sjå på aktuelle innovasjonsprosjekt med fokus på kva, korleis, når og saman med kven.