TUBFRIM-midlar 2021

TUBFRIM har kvart å i over 90 år delt ut TUBFRIM-midlar til gode tiltak for barn og unge i Noreg. Våren 2020 skjedde ikkje dette. Årsaken til det var at alle flotte tiltak som skulle få støtte, ikkje kunne bli gjennomført på grunn av smittevernreglane i samband med den pågåande pandemien.

Saman med midlar til bekjemping av tuberkolose, har TUBFRIM gleda av å kunne dele ut kr. 1.300.000 i 2021.

TUBFRIM håpar at det vil bli sett ekstra stort fokus på tiltak for barn og unge, og at ein viser stor kreativitet for å kunne arrangere desse tiltaka.

Søknadsfrist for tildeling er 15. mars 2021.

Her kan du lese pressemeldinga

Lenke til heimesida deira

Bygland kommune er ein TUBFRIM-kommune

Bygland kommune har i fleire år samla frimerke til TUBFRIM. Vi har ein kasse der vi samlar frimerke frå post som kjem inn. Når kassen er full, blir den sendt til TUBFRIM. Ein ser no at meir og meir av posten kjem elektronisk. Det medfører då at kassen ikkje blir fylt opp så raskt vi kunne ønskje. 

Om det er nokon som har frimerke de ønskjer skal bli sendt til TUBFRIM, kan de levere desse på kommunehuset, så får vi sendt frimerka når kassen er full.

TUBFRIM sel frimerke til frimerkesamlarar. Overskotetet frå sal av frimerke, postkort og anna blir brukt til: Halvparten av overskotet blir brukt til bekjemping av tuberkolose. Den andre halvparten skal brukast til trivselsfremjande tiltak for funksjonsfriske og funksjonshemma barn og unge i Noreg.