Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vegnamn i Bygland kommune. Høyringsfrist 03.02.2015

Publisert

Kommunestyret vedtok i møte den 10.12.14 å gjennomføre ei tilleggshøyring for adresseparsellane nord i kommunen, dvs alle vegadressene i AUSTAD SOKN på postnummer 4745 Bygland

Annonsen nedanfor blir publisert i Setesdølen d. 16.1.2015:

Statens kartverk har etablert eit nasjonalt prosjekt for tildeling av vegadresser til alle eigedomar. Kommunane skal innan 2015 opprette eit einsarta adressesystem, og i samband med dette skal alle vegar gjevast namn.

Før slutthandsaming i kommunestyret vert det gjennomført ei tilleggshøyring for adresseparsellane nord i kommunen, dvs. alle vegadressene på postnummer 4745 Bygland i AUSTAD SOKN.

Plan-, miljø- og ressursutvalet er styringsgruppe for arbeidet, med Oppvekst- og kulturutvalet som referansegruppe. Kommunestyret har det overordna ansvaret for prosjektet, og tek naudsynte formelle avgjerder i høve til namnesaker. Drift og forvaltning er saksansvarleg, og har utarbeidd ei liste med forslag til namn på dei aktuelle vegane. Det skal takast stilling til både namneval og skrivemåte.

Kart med framlegg til namn på alle adresseparsellane med postnummer 4745 ligg til ettersyn på Tenestetorget på kommunehuset i Bygland, med elektronisk kopi på kommunen si heimeside fram til høyringsfristen 03. FEBRUAR.

Det er verd å merke seg at namnesettinga har direkte innverknad på adressa til dei som har bustad eller fritidsbustad langs desse vegane. Dersom rørte partar har kommentarar, spørsmål eller merknadar til namneforslaga, er kommunen takksam for innspel - som lyt sendast skriftleg til:

Bygland kommune, Drift og forvaltning, 4745 Bygland, eller via e-post til: post@bygland.kommune.no innan 03.02.2015.

Kontaktinformasjon

Bygland kommune
Drift og forvaltning
4745 Bygland

Tlf 37 93 47 00
Epost: post@bygland.kommune.no

Meir informasjon

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker