Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Strandliv

Reguleringsplanen for Presteneset vart vedteken i kommunestyret den 27.02.2019

Formannskapet sitt vedtak om oppstart av planarbeidet sa mellom anna følgjande:

"Gjennom dette prosjektet skal Bygland kommune søke å skape næring og attraktive husvære ved å utnytte dei naturlege føresetnadane som er i Bygland kommune. Attraktive fjordnære tomter med kort avstand til offentlege og private sentrumsfunksjonar, og med vekt på tilknyting til tilrettelagte friluftsområde og fritids- og kulturtilbod. Gjennom utvikling av prosjektområdet skal Prestlidi med Byglandsheimen bli knytt saman med sentrumsområdet i Bygland. Slik vil dei mest tettbygde områda i Byglandsbygda bli knytt saman med handels- og sørvisfunksjonar på ein naturleg og harmonisk måte.

Husværa i området skal vere eit suppelement til eksisterande butilbod. Ein kombinasjon av leilegheitsbygg som høver for folk som vil overdra sine einebustader/våningshus til neste generasjon og som også kan vere passande for familiar i etableringsfase - samt større husvære som passer for familiar som ikkje ønskjer tradisjonelle einebustader."

Kommunen informerer

Detaljregulering for Nesmoen massetak

I møte den 13.12.2018 sak 68/18 vedtok kommunestyret fylgjande: "Med heimel i Plan- og bygningslova §12-12, 1. ledd vert detaljreguleringsplanen for Nesmoen massetak med planid 201801 og tilhøyrande føresegner, med siste revisjonsdato 14.11.2018 godkjent"

Kommunen informerer

IFK-plan 2019 - 2022

Nedanfor finn du den vedtekne IFK-planen for 2019 - 2022. (Plan for idrett-, friluftsliv-, fysisk aktivitet og kulturanlegg

Strandliv

Strandsoneplanen

Strandsoneplanen blei endeleg stadfesta i kommunestyret den 07.05.2015