Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Permisjon frå grunnskuleopplæring

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Elevar kan få permisjon frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker. Skulen vil vurdere om det er forsvarleg å gje permisjon. Det er ikkje tillate å gje permisjon ut over to veker om gongen. 

Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, har rett til permisjon på trudomssamfunnet sine helgedagar.

Foreldra må sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå opplæringslova § 2-11 første og andre leddet

Lover

Forvaltningsloven
Opplæringslova

___

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysning om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Personal- og administrasjonsavdelinga
Telefon:37 93 47 00
Epost:post@bygland.kommune.no
Postadresse:Sentrum 18 4745 Bygland
Besøksadresse:4745 BYGLAND

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-10-31 11:15
Gyldig til2019-10-31