Sigbjørn Åge Fossdal, ordførar i Bygland, Arbeiderpartiet

Kjære Byglendingar!

Den 16.10.2019 vart eg valt til ordførar i Bygland kommune. Dette er eit verv eg er stolt, men au ydmyk, over å ha blitt valgt til.
Men vervet som ordførar forpliktar, og for meg vil det bety hardt arbeid, saman med resten av kommunestyret, for at Bygland fortsatt skal vere ein god kommune
for alle våre innbyggjarar, å leve og bu i, og med eit godt tenestetilbod for unge og eldre.

Eg vil også prioritere arbeidet med næringsutvikling for å prøve å skape nye arbeidsplassar, arbeide med å markedsføre kommunen med alt det positive me har å by på, som
Byglandsfjorden, uberørt natur, flotte turmuligheter både sumar og vinter, fine bustadtomter, og mye anna.

Me må satse på ungdommen og derfor legge til rette for eit godt aktivitetstilbod i regi av lag og foreningar, men også eit tilbod til dei som ikkje er aktive i organisert virksomhet.
Ungdommen er framtida, og nokon av våre beste ambassadører, derfor er dette arbeidet viktig.

Arbeidet med revisjon av kommuneplanen er godt i gang, og eg vil oppfordre alle om å engasjere seg, og å kome med innspill til dette viktige arbeidet. 
Kommuneplanen er eit viktig styringsdokument for dei neste 12 åra.

Kontakten med innbyggjarane er for meg viktig, og har dykk noko på hjarta, så ta kontakt, enten på telefon, epost, eller stikk innom for ein kopp kaffe og ein prat på kontoret. 

Med venleg helsing

Sigbjørn Åge Fossdal