Formålet med planen er å legge til rette for ny Ose bru, kommunalt reinseanlegg, god trafikal avvikling, også for mjuke trafikantar og for nærings - og kulturinteresser. Bygland kommune har også som overordna målsetting at kommunen skal vere ein god stad å leve og virke gjennom

  • å vere attraktiv for dei som bur her og vil flytte til
  • å leggje til rette for nye arbeidsplassar og trygge dei eksisterande
  • å ha gode vilkår for læring heile livet
  • å utvikle og satse på eigne ressursar, eigenart og kvalitetar
  • å ha gode vegar og god digital infrastruktur

Vi tek sikte på å oppheve to gjeldande planar; reguleringsplan for Austad (planid 199802), vedteken 13.05.1998 og reguleringsplan for del av Ose sentrum (planid 198201), vedteken 21.10.1982, inkludert alle seinare planendringar og tilhøyrande føresegner, ved godkjenning av denne planen.

Det er no du som rørt part har moglegheit til å påverke korleis planen vil bli til slutt, og det er viktig at du kjem med dine merknadar i løpet av høyringa.

Merknadar: Merknadar til reguleringsarbeidet kan sendast skriftleg til: Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland eller post@bygland.kommune.no innan 27. mai 2022.

Spørsmål
Har du spørsmål om planarbeidet, kan du kontakte:

Sonja Lien Skjevrak, fagleiar plan
Telefon: 901 51 154
E-post: sonja.skjevrak@bygland.kommune.no

Plandokument 
Arealplankart
Flaumvurdering
Forprosjektering Ose bru, Statens vegvesen
Innspel til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn
Planføresegner
Planomtale
ROS-analyse
Skredfarevurdering

Saksdokument
Saksframlegg
Saksprotokoll

Forslag til plan finn du digitalt i planregisteret