Føremålet med planen er å legge til rette for ny Ose bru, kommunalt renseanlegg, god trafikal avvikling, også for mjuke trafikantar og for nærings- og kulturinteresser.

Reguleringsplanforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i 1. etg på kommunehuset og er tilgjengeleg på kommunen si heimeside: www.bygland.kommune.no under planar-høyring. Planen er i målestokk 1:1000 i A0-format.

Eventuelle merknader til reguleringsplanforslaget sendast innan 26. mars 2019 til:

Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 bygland eller pr. e-post: post@bygland.kommune.no og merkast med saksnr. 18/74.

For nærare informasjon om planarbeidet: sakshandsamar Kjell Øyvind Berg tlf 37 93 47 56 eller e-post: kjell.oyvind.berg@bygland.kommune.no

Reguleringsplankart

Føresegner

Planbeskrivelse

ROS-analyse