Sjå framlegg til budsjett 2022 og økonomi- og handlingsplan 2022-2025, samt gebyrregulativ for 2022 og protokoll frå formannskapsmøtet 16.11.21 under "Vedlegg" nedst i denne saka.

Den 11.12.19 vedtok kommunestyret at dei årlege driftsbudsjetta skal leggjast fram i balanse utan bruk av ordinært disposisjonsfond (kommunen sine oppsparte midlar), noko som og legg sterke føringar på budsjetta frå 2021 og framover.

Formannskapet handsama årsbudsjett 2022 og økonomi- og handlingsplan 2022-2025 i møtet 16.11.21 og legg det ut til offentleg ettersyn 18.11.21. Det blei ikkje gjort endringar i budsjettframlegget i møtet 18.11.21, men dei politiske partia skal handsame budsjettet i sine grupper i perioden fram mot kommunestyremøtet 16.12.21, kor budsjettet blir endeleg vedteke.

Ein gjer merksam på at sakene om skulestruktur og eventuell eigedomsskatt på hus og hytter, vert handsama i eige saker. Det må og presiserast at budsjettet som er lagt fram, legg til grunn kommunen sin noverande organisering. Budsjettendringar knytte til omorganiseringar innan IKT-samarbeid og legesamarbeid, samt andre eventuelle omorganiseringar, vil ein kome tilbake til i økonomirapporteringane i løpet av 2022.

I 2022 er det sett av midlar til ein ekstern gjennomgang av helse og omsorgssektoren, sidan statistikkane viser at kommunen driv dyrare enn samanliknbare kommunar på dette området. Ei moderat effektivisering og rasjonalisering innanfor denne sektoren, som er den desidert største i kommunebudsjettet, trur ein kan gi ei tilstrekkeleg innsparing til å få budsjettet for 2022 i balanse utan bruk av ordinært disposisjonsfond. Kommunedirektøren tilrår og at det vert jobba systematisk vidare med å sikre samanhengande strategiske samarbeid rundt tenestilbodet innanfor felles bu- og arbeidsmarknad, og innanfor regionen. Hensikta er å sikre kvalitet og kosteffektive tenester. Budsjettet i korte trekk følgjer i dei neste avsnitta.

Budsjettet for 2022 legg opp til bruk av ordinært disposisjonsfond på kr 2,7 mill. (til samanlikning så var tilsvarande tal om lag 5 mill. i opphavleg budsjett for 2021). I dette er det inkludert ekstraordinære kostnadar på kr 1,7 mill. som kommunen ikkje tek med seg vidare i resten av økonomiplanperioden (2023-2025). Det ligg også an til at kommunen kan få ekstrainntekter frå regjeringa på om lag 1,3 mill., som ein kan legge til grunn for heile økonomiplanperioden, men dette vert ikkje lagt inn i budsjettet og økonomiplanen før tala er endeleg vedtekne. Endelege tal for eigedomsskatt frå kraftverk er ikkje klare enno, men det er gjeve signal om at denne inntekta antakeleg må justerast litt ned, grunna låge straumpriser i 2020. Ein venter til gjengjeld at eigedomsskatteinntektene vil auke i 2023, grunna dei høge straumprisane i 2021.

Kommunen får nesten 2,5 mill. meir i konsesjonskraftinntekter i 2022 enn i opphavleg budsjett 2021. Utbytte frå Agder Energi AS er på 3,8 mill., som framleis er eit historisk lågt nivå (f.eks. om lag 3 mill. lågare enn i 2020). Utbyttet er basert på Agder Energi sitt resultat for 2020, som var på 489 mill. Ein reknar med at utbyttet vert vesentleg høgare i 2023, sidan Agder Energi allereie per 3. kvartal kan vise til eit resultat på rett over 1 milliard.

Inntekter frå skatt og rammeoverføringar er om lag 2,7 mill. høgare enn opphavleg budsjett for 2021. Dette skuldast mellom anna at skatteveksten i 2021 vart høgare enn det som var lagt til grunn då statsbudsjett for 2021 vart laga hausten 2020. Samla inntektsauke for alle inntekter er på om lag 6,8 mill.

Utgiftene vert auka med om lag 5,3 mill. Dette skuldast primært ordinær løns- og prisvekst, auke av rente- og avdragsutgiftene (pga. høgare rente) og auke av budsjettet i eininga Pleie og omsorg. Sistnemnte er auka med i overkant av 2,1 mill., som er ei prognose basert på faktiske rekneskapstal per oktober 2021, som viser eit auka trykk innanfor denne sektoren, då spesielt på Byglandsheimen. Budsjettauka for 2022 skal gjere eininga betre rusta for eldrebølga, som ein no ser konturane av. Til gjengjeld så har Byglandsfjord oppvekstsenter og Bygland oppvekstsenter gjort grep og redusert budsjetta sine med totalt om lag 1 mill.

På generelt grunnlag, så gjer ein merksam på potensielle utgiftsbomber i kommunen sitt driftsbudsjett, primært knytte til pleie og omsorg (eldrebølga) og barnevernet (ny barnevernsreform). Kor kostbart barnevernet vil vere er i stor grad basert på kva for saker kommunen har i barnevernet til ei kvar tid. Dette kan variere stort frå kommune til kommune. Når det gjeld pleie og omsorg, så vil eldrebølga bli ei økonomisk utfordring på lengre sikt, men, som nemnt, så viser statistikkane (SSB/Kostra) at det kan vere eit potensial for effektivisering innanfor både helse og pleie og omsorg.

Potensielt store svingingar i kraftinntektene er også ei utfordring kommunen har, på både kort og lengre sikt. Prognoser per hausten 2021 viser at kraftinntektene aukar moderat frå 2021 til 2022, og kan få endå eit oppsving i 2023 (merk at dette er usikre prognoser), men frå 2024 og utover veit ein ingenting om kva nivået på desse inntektene vil ligge på. Dette gjer kommunen sin økonomi sårbar.

Det er viktig for kommunedirektøren å presisere at kommunen har eit handlingsrom innanfor dei budsjettrammene som er føreslege. Del 5 i budsjettdokumentet – kommuneplanen sin handlingsdel – viser at det er mange positive tiltak som er planlagt gjennomført i 2022, og som vert gjennomført innanfor dei økonomiske rammene kommunen allereie har.

Kommunedirektøren foreslår følgjande endringar i kommunale avgifter for 2022:

  • Vassgebyra vert auka med 3,5 %
  • Avlaupsgebyra vert auka med 8,8 %
  • Slamgebyra vert redusert med 20,0 %
  • Renovasjonsgebyra vert redusert med 15,0 %
  • Feiegebyret vert redusert med 2,9 %

For ein bustad på 120 kvadratmeter, som har forbruk målt etter areal, vil desse endringane svare til ei auke på om lag kr 560 i året, som igjen svarar til ei auke på 2,9 % (til samanlikning er lønsveksten 3,2 % i 2022).

Bustadar som ikkje er påkopla kommunale anlegg, vil få ei reduksjon i dei kommunale avgiftene.

Når det gjeld prioriterte investeringar i 2022-2025 (som er eit anna budsjett enn driftsbudsjettet, som er det som er omtala ovanfor), viser ein til tabellen på side 47 i budsjettdokumentet.