Sjå framlegg til budsjett 2023 og økonomi- og handlingsplan 2023-2026, samt presentasjon av budsjettet, gebyrregulativ for 2023 og protokoll frå formannskapsmøtet 16.11.22 nedst i denne saka.

I formannskapsmøtet blei det ikkje gjort endringar i kommunedirektøren sitt budsjettframlegg, men dei politiske partia skal handsame budsjettet i sine grupper i perioden fram mot kommunestyremøtet 15.12.22, kor budsjettet blir endeleg vedteke.

Eit driftsbudsjett prega av utvikling av Presteneset, vernerundetiltak og oppussing av kulturbygg

Driftsbudsjettet er lagt fram som eit 0-budsjett kor utgifter og inntekter balanserer. Det er ikkje budsjettert med bruk av ordinært disposisjonsfond i 2023, eller resten av økonomiplanperioden, men ein gjer merksam på den store usikkerheita i tala, spesielt frå 2024 til 2026.

Høgt utbytte frå Agder Energi gjer at kommunen har eit visst handlingsrom i driftsbudsjettet i 2023. Av dette er det mellom anna satt av 6 mill. til rundkøyringa på Bygland. I skrivande stund er det riktig nok usikkert om kommunen må take heile denne kostnaden sjølv. Sidan rundkøyringa gjeld kostnadar til investering på annan mann sin grunn, må desse kostnadane førast i driftsrekneskapen. Det er eit rekkefølgjekrav i reguleringsplanen for Presteneset at det må vere rundkøyring, så den er difor ein essensiell del av utviklinga av Presteneset. Det opna seg også ein unik moglegheit til å investere i rundkøyringa når Statens vegvesen først hadde ein så stor sum å bruke inn i rundkøyringa (6,5 mill.). Det vil likevel bli jobba med å skaffe meir ekstern finansiering til kommunen sin del av prosjektkostnadane, og om ein lukkast med dette vert kostnaden til rundkøyringa lågare enn 6 mill. i 2023.

I tillegg så er det lagt opp til å prioritere fleire tiltak som har kome som innspel i samband med vernerundane ute på einingane. Dette gjeld for det meste bygningsmessige oppgraderingar og innkjøp av inventar, til forbetring og rasjonalisering av arbeidskvardagen for dei tilsette. Ein har også funne rom til å prioritere maling av grendehusa i Åraksbø og Grendi, skifte glasskuppelen på Ose grendehus, male alle bygga på stasjonsområdet på Byglandsfjord, restaurere pipa i Storstoga på Ose og utbetre AV-anlegget i Årdalshallen, for å nemne noko.

I tillegg kan det nemnast at det kommunale eigedomsselskapet Byglandstunet AS har budsjettert med å leggje til rette for ungdomsklubb der biblioteket er no, og bibliotek i næringslokala kor det var gullutstilling i haust. Det vert og sett av ein sum til oppgradering av uteområdet, samt summar til nytt ventilasjonsanlegg og ombygging i samband med omorganisering i kommuneadministrasjonen.

Av andre nye tiltak i driftsbudsjettet, så kan det nemnast at UNESCO-prosjektet Gorrlaus er prioritert med kr 350.000 i åra 2023 til 2025, medan IKT Agder ligg inne med ein ekstraordinær kostnad i 2023 på 1,8 mill., mellom anna til ei særs turvande oppgradering av kommunen sitt fagsystem på økonomi. Ein reknar med det vert lågare skuldrer og færre grå hår på økonomikontoret etter oppgraderinga.

Reduksjon i kommunale avgifter for fleire eigedomar

Mellom anna utviding av leidningsnettet for å få fleire påkopla dei kommunale anlegga, samt kommunestyrevedtak om å nytte faktisk levetid på anleggsmidlane innanfor vatn og avlaup, gjer det mogleg for kommunen å redusere vass- og avlaupsgebyra i 2023, trass renteauke. For 2023 vert det gjort følgjande endringar på kommunale avgifter:

Årsavgift for vatn (fast og kubikkavg.)    vert redusert med 3,9 %
Årsavgift for kloakk (fast og kubikkavg.)   vert redusert med 0,7%
Slamavgift  vert ikkje endra
Tilkoplingsavgift for vatn vert ikkje endra
Tilkoplingsavgift for kloakk vert ikkje endra
Renovasjonsavgift hus vert auka med 3,2%
Renovasjonsavgift hytte vert auka med 3,2%
Feieavgift vert auka med 37,1%

Dette svarar til ein samla reduksjon på 0,1 % for ein bustad på 150 kvadratmeter utan vassmålar. Når ein legg til grunn at ordinær lønsvekst for neste år er estimert til 4,2 %, vil desse endringane i kommunale avgifter innebere større økonomisk handlingsrom for kommunen sine innbyggjarar i 2023. Andre kommunale gebyr vert endra i samsvar med forslag til gebyrregulativ, som vert lagt fram som ei eiga sak.

Ein vil og gjere merksam på at kommunen subsidierer innbyggjarane med om lag 1,8 mill. på avlaupsområdet. Alternativet hadde vore å ha full inndekning for kostnadane på dette området, men då vurderer ein at gebyra ville blitt uforholdsmessig høge for innbyggjarane.

Høg gjeld, stigande rente, høg lønsvekst og høge straumkostnadar

Ved slutten av 2021 var den langsiktige gjelda på eit høgare nivå enn for gjennomsnittet i KOSTRA-gruppe 14, som består av kommunar på 600-2000 innbyggjarar, med samanliknbare økonomiske rammevilkår som Bygland. I tillegg så ligg nøkkeltalet for langsiktig gjeld heile 17 prosentpoeng over måltalet. Grunna statleg trekk på rammetilskotet knytt til konsesjonskraft på 15 mill. (usikkert tal, då endeleg fordeling ikkje er klar enno), vert det ikkje mogleg for kommunen å betale ned gjeld i 2023 som ein hadde planlagd, men i resten av økonomiplan-perioden (2024-2026) vert det lagt opp til reduksjon i gjelda. Dette er dog veldig usikre tal sidan rammevilkåra for desse åra er endå meir usikre enn for 2023.

Ei stadig stigande rente er eit bekymringsmoment for kommunen i 2023. Renta er på sitt høgaste på ti år og framleis stigande. Kommunen har brukt prognosane til Kommunalbanken for å budsjettere rentene i 2023, og dette budsjettet er om lag dobla samanlikna med opphavleg budsjett 2022.

Høg estimert lønsvekst i statsbudsjettet gjer at kommunen må setje av ein større pott til lønsforhandlingar enn på lenge. Lønsvekst på 4,2 prosent svarar til ein lønspott på godt og vel 3,3 millionar i kommunen sitt budsjett for 2023. Dei høge straumkostnadane gjer og at det samla straumbudsjettet må justerast opp med om lag 2,5 mill.

Investeringar innan samfunnsutvikling, kultur, energiøkonomisering og digitalisering

Kommunen held fram utviklinga av Presteneset ved å prioritere ferdigstilling av rundkøyring, samt opparbeiding av infrastruktur innan veg, vatn og avlaup. I tillegg vert det føreslege å gjere fleire investeringar innan kultur, friluftsliv og idrett, kor turveg på Byglandsfjord, dagsturhytta, nytt ventilasjonsanlegg til symjehallen, nytt kjøkken, ventilasjonsanlegg og ljos til kulturscenen, rehabilitering av Priveten, og maling av alle bygga på stasjonsområdet, vert blant prioriteringane.

I 2023 vert det foreslått investeringar innanfor fleire ulike sektorar, i tillegg til investeringane innanfor samfunnsutvikling og kultur Då mellom anna vatn, avlaup, skule, pleie og omsorg, digitalisering, næring og klima/miljø. Sistnemnte dreier seg om energiøkonomisering, som er eit særs relevant tema i samband med den energikrisa me opplever i Noreg og Europa for tida. Slike investeringar vil føre til både miljømessig og økonomisk gevinst i framtida, ved at energiforbruket og energi-kostnadane vert reduserte. I tillegg så legg ein til grunn at investeringa i leilegheit på Bygland (jf. kommunestyre-vedtak 05.11.20) vil føre til auka husleigeinntekter, og at utviding av VA-leidningsnettet vil gi høgare inntekter på sjølvkostområda for vatn og avlaup. Med fleire planlagde påkoplingar i samband med dette prosjektet, og sågar fleire abonnentar å dele kostnadane med på vatn og avlaup, kan kommunen faktisk føreslå å redusere gebyra på vatn og avlaup. I tillegg så ser ein det som aktuelt å investere i oppgradering av digital infrastruktur på fleire kommunale bygg for å ruste kommunen for digitaliseringa i åra som kjem.

Det er lagt opp til investeringar på totalt kr 9 mill. i 2023, som inneberer ei auke i gjeld, men til gjengjeld vil nokre av investeringane føre til inntektsauke og kostnadsreduksjon i driftsrekneskapen. Likevel vil ein gjere merksam på at kommunen ikkje bør leggje investeringsnivået i 2023 høgare enn det som er føreslege, og det er difor føreslege å gjere ein del investeringar i 2024 og utover også.

Usikre kraftinntekter, statleg trekk og auka grunnrenteskatt

I statsbudsjettet for 2023 er det føreslege å redusere rammetilskota med til saman 3 mrd. for kommunar med konsesjonskraftinntekter. Det er estimert at dei same kommunane får til saman 11 mrd. i konsesjonskraftinntekter i 2023. Regjeringa grunngir trekket med at kommunar som får betydelege meirinntekter i 2022 og 2023 må dele deler av desse inntektene med fellesskapet. Det er framleis usikkert kor stort dette trekket vert, men Konsesjonskraft IKS (KIKS) har estimert eit mogleg beløp på om lag 15 mill. for Bygland isolert sett. Kommunen får ikkje sikre tal før i desember 2022. Difor herskar det stor usikkerheit rundt rammevilkåra for 2023. Konsesjonskraftinntekta før statleg trekk er på nesten 32 mill., som er ei sikker prognose. KIKS legg til grunn konsesjonskraftinntekter på 25,5 mill. årleg i åra 2024 til 2026. Etter at denne prognosen vart laga, har straumprisane gått betydeleg ned, og kommunen har difor lagt seg på ei meir konservativ prognose, med 17 mill. i 2024, 14 mill. i 2025 og 12 mill. i 2026. KIKS har elles i sin prognose lagt til grunn at inntektene i eit «normal-år» bør ligge rundt på rundt 12 mill., men i deira prognose er ikkje dette talet lagt inn før frå 2027. Konsesjonskraftinntektene er sterkt korrelerte med straumprisane, og den store variasjonen i straumprisane dei siste månadane viser at ein må leggje inn ein stor grad av usikkerheit knytte til framtidige konsesjonskraftinntektsprognoser.

Sidan slutten av 2020 og fram til no har straumprisane variert mellom 0 i november 2020 til om lag 550 øre per MWh i august 2022, og i seinare tid har prisen sågar begynt å nærme seg 100 øre. Dette illustrerer usikkerheita i kraftmarknaden, og usikkerheita med omsyn til kommunen sine framtidige kraftinntekter.

Eigedomsskatteanslaget for 2023 er på kr 11.000.000, som er litt høgare enn nivået i 2021, og vesentleg høgare enn nivået i 2022. Merk at det samla anslaget for eigedomsskatteinntektene er særs usikkert fordi eigedoms-skattegrunnlaga for vasskraft ikkje er klare før etter budsjettet er lagt fram til handsaming. Ein må difor kome tilbake til kva faktisk prognose for 2023 skal vere. Årsaka til at ein legg til grunn ei auke samanlikna med 2022 er at eigedomsskattegrunnlaga vert berekna på bakgrunn av eit rullerande 5-årleg gjennomsnitt av nåverdien av kraftverka si nettoinntekt. For 2022 var åra 2016-2020 grunnlag for berekningane, medan i 2023 er det åra 2017-2021 som er grunnlaget. Sidan straumprisane og forventa inntekt er venta å vere vesentleg høgare i 2021 enn i 2016 (som forsvinn ut av berekninga) legg ein til grunn høgare inntekter i 2023, men, som nemnt, tala er veldig usikre.

Regjeringa har og føreslege i statsbudsjettet å auke grunnrenteskatten frå 37 til 45 prosent. Dette vil få negativ effekt på både kommunen sitt utbytte frå Agder Energi, samt nivået på eigedomsskatteinntektene, frå og med 2024. Det er ikkje mogleg å talfeste kva for konsekvensar dette vil ha.        

Demografi og levekårsutfordringar    

Budsjettet for 2023 er i stor grad prega av dei demografiske utfordringane som rår i kommunen, kor det vert fleire og fleire eldre og stadig færre yngre. Den budsjettmessige konsekvensen av dette er at eininga Pleie og omsorg sitt budsjett er auka med over 9 prosent sjølv om den kommunale kostnadsindeksen (deflatoren) berre er 3,7 % for 2023. Det er i tillegg vanskeleg å få tak i tilsette innanfor denne sektoren. Ei viktig prioritering for kommunen er å gjere denne eininga robust og rusta for framtida, for prognosane seier at det berre vil bli fleire og fleire eldre og pleietrengande i framtida, som ein og kan sjå av figuren under.      

Figur til budsjett
Denne framskrivinga er gjort av SSB og viser at aldersbereevna vil minke frå 2,4 i 2022 til 1,8 i 2040. Aldringa er også betydeleg sterkare i Bygland enn det som er gjennomsnittet for Agder. Tal frå tabell 11820 hos SSB viser at kommunen hadde både færrast fødde per 1000 innbyggjarar og flest døde per 1000 innbyggjarar i Agder i 2021. Den same tabellen viser og at kommunen har fjerde flest uføretrygda i Agder i aldersgruppa 18-66 år per 31.12.21.

I andre enden av aldersskalaen har kommunen ein oppvekstsektor som har utfordringar med at det etter kvart kan bli for få barn til at det er forsvarleg å drive vidare med den oppvekststrukturen kommunen har i dag. Viss ikkje ein klarar å snu denne utviklinga vil kommunen på sikt ikkje ha anna val enn å gjere strukturelle endringar innanfor denne sektoren. Å snu denne trenden er eit ansvar som heile kommunen må ta, ikkje berre oppvekstsektoren.  For å klare det må ein arbeide heilskapleg og langsiktig med stadutvikling og nærmiljø, attraktivitet, kultur og miljø.