Gjennom moglegheitsstudien ønskjer Midt-Agder Friluftsråd å bidra til at frilufts- og rekreasjonsalternativa langs Otra kan utviklast til beste for kommunane sine eigne innbyggjarar, for tilreisande, turistar, reiseliv og næringsutvikling i kommunane. Når moglegheitsstudien er gjennomførd, må det avklarast nærmare kven som ev. skal ha ansvaret for å opparbeide og leggje til rette aktuelle areal, anlegg og ferdselsårer. Forholdet til rørte grunneigarar må også bli teke vare på og avklarast. Det same gjeld forholdet til vedteken arealbruk. Det vil vere ein naturleg del av oppfølginga av dette prosjektet.

Arbeidet er utført i nært samarbeid med dei aktuelle kommunane, grunneigarorganisasjonar, aktuelle organisasjonar/foreiningar, velforeiningar, reiselivsbedrifter, ressurspersonar mv. Midt-Agder friluftsråd har mellom anna gjennomført folkemøte på Evje og på Rysstad der deltakarane fekk kome med innspel til studien.

På grunnlag av dokumentasjonen som har kome fram gjennom dette arbeidet og andre innspel, har Midt-Agder friluftsråd foreslått nokre satsingsområde for komande fireårsperiode (2020-2023). Dei går fram av kap. 14 i rapportutkastet. 

Midt-Agder friluftsråd ber om ev. innspel til rapportutkastet. Dei er særleg interesserte i synspunkt og tilbakemelding på følgjande: 

• Val av satsingsområde, jf. kap. 14 i rapportutkastet 
• Faktiske feil knytt til områdeomtalane slik dei går fram av vedlegget til rapporten 
• Faktiske feil knytt til lokalisering av områda slik dei går fram av kartvedlegga 
• Forslag til andre område som bør takast med i moglegheitsstudien og ev. område som kan takast ut 
• Forslag til oppfølging av moglegheitsstudien

Fristen for å kome med høyringsuttale til rapporten er 20. juni 2020. Høyringsuttale sendast Midt-Agder Friluftsråd på e-post: post@midt-agderfriluft.no.

Lenke:
Midt-Agder friluftsråd: https://www.midt-agderfriluft.no/
Rapport - Mulighetsstudie for Otra elvepark:https://files.solvecms.com/midt-agder-friluftsraad-no/a5f9fe4/MULIGHETSSTUDIE-OTRA%20ELVEPARK-HØRINGSRAPPORT-161219-komprimert-pdf.pdf

Høyringsbrev