Målet er å motvirke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om støtte. Søkarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidpunktet.

For at frivillige organisasjonar, private aktørar eller offentlege instansar skal kunne søke om støtte gjennom kommunen, må kommunen ha stadfesta at dei vil kunngjere ordninga lokalt og vurdere og rangere søknadar tilknytta kommunen. 

Punktet over gjeld ikkje for frivillige organisasjonar som blir omfatta av punkt 1b) i regelverket. Frivillige organisasjonar kan søke Bufdir direkte om dei representerer sentralleddet i organisasjonen. Døme på sentralledd er Norges Røde Kors, Blå Kors i Noreg, Norges Korforbund, Norsk Speidarforbund m.v.

Lokallag, fylkeslag, regionlag og andre må søke gjennom kommunen. Døme på dette er lokale ledd av kor, korps og frivillige organisasjonar og idrettslag. Direktesøknader, jf. punkt 1b), som ikkje oppfyller kravet til å vere sentralledd, vil bli avvist.

I regelverket til tilskotsordninga er det skildra kva ein kan søke tilskot til, og kva kriterie som må vere oppfylte for å søke. Det er svært viktig at søkarar set seg god inn i Regelverkrettleiar og krav til rapportering.

Søknadsfrist: 13. desember 2019.

Korleis sende søknad:
Søknad om tilskot blir sendt gjennom Bufdir sin søknadsportal.

Hjelpeside til søknadsportalen.

Endring i regelverket for tilskotsåret 2020

  • Det er ei endring i namnet på tilskotsordninga. Nytt navn på ordninga er "Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge" (tidlegare "Nasjonal tilskuddsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamilier".
  • Søkarorganisasjonen må ha eit organisasjonsnummer på søknadstidspunktet.

Presisering i regelverket
Krav til eigenfinansiering
Offentlege og private aktørar som søker, forpliktar seg til å bidra med 20% av tilskotsbeløpet i eigenfinansiering. Frivillige organisasjonar forpliktar seg til å bidra med 5% i eigenfinansiering. Det inneber at søkarar må budsjettere med minimum denne delen av søknadsbeløpet som eigenfinansiering. Informasjon om dette og om kva som blir rekna som eigenfinansiering kan du lese meir om i rettleiaren til regelverket, punkt 2j).

Frivillige organisasjonar som søker direkte til Bufdir (jf. punkt 1b) i regelverket)
Frivillige organisasjonar kan ved enkelte høve søke direkte til Bufdir.

Søknaden vil kun bli handsama av Bufdir, og blir ikkje omfatta av punkt 2 i regelverket. Hensikten med dette er å gjere søknadsprosessen enklare for organisasjonar som ønskjer å rekruttere deltakarar frå fleire kommunar.

Tiltaket må bli eit tilbod til deltakarar i målgruppa frå minst tre kommunar, sjølv om tiltaket i seg sjølv kun treng å skje i ein kommune. Søknaden skal bli sendt av eller på vegne av organisasjonen sitt sentralledd.

Sentralleddet er organisasjonen sitt hovedsete eller sekretariat. Døme på kva som blir rekna som sentralledd er Norges Røde Kors, Blå Kors Norge eller Norges Speiderforbund, samt særfobunda i idretten, som Norsk Fotballforbund og Norges Bandyforbund.

For mindre organisasjonar kan sentralleddet i organisasjonen vere den delen av verksemda der t.d. dagleg leiar eller generalsekretær er tilsett. Lokallag av nasjonale organisasjonar eller lokale idrettslag blir ikkje rekna som sentralledd.

Om du skal sende inn ein søknad direkte til Bufdir på vegne av organisasjonen sitt sentralledd, må du oppgje sentralleddet sitt organisajsjonsnummer i søknadsportalen (sjå punkt 2a) i rettleiar til regelverket for meir informasjon om dette).

Organisasjonar som søker og mottek tilskot direkte frå Bufdir vil ikkje kunne motta midlar til dei same tiltaka gjennom underliggjande ledd.

Om du er i tvil, bør du kontakte din organisasjon eller Bufdir for avklaring. Vi gjer merksam på at direktesøknadar som ikkje er sendte inn gjennom organisasjonen sitt sentrallegg vil bli avvist.

Fritidserklæringa og tiltak som kan få støtte

I juni 2016 signerte representantar for kommunane, frivilligheita og staten ei fritidserklæring, der partane forplikta seg til å jobbe for at alle barn skal få moglegheit til å delta jamnleg i ein fritidsaktivitet, avhengig av foreldra sin sosiale  og økonomiske situasjon.

Tilskotsordninga har sidan opprettelsen bidrege til dette. Bufdir anslår at 333 innvilga tiltak, ca 75 millionar kroner, i 2019 gjekk til tiltak som støtter opp under fritidserklæringa.

Kulturdepartementet forvaltar fleire tilskotsordningar som kan bidra til å nå måla i erklæringa. Sjå oversikt her