Kommunen er langt framme innan breiband og fiber, og er på den måten med i den digitale verda. Ein kan like godt arbeide i Singapore som i Oslo, med base i Bygland. Ein ser at det vert meir og meir naturleg å tenke på Setesdal som ein felles arbeidsmarknad. I den forbindelse ligg Bygland midt i dalen med gode arbeidsmoglegheiter.

Primærnæringa er jordbruk. Kommunen har elles bedrifter innanfor produksjon, industri, bygg og anlegg. Innanfor tenesteyting er reiseliv og sal og service viktig.

Bygland kommune legg til rette for å stimulere til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder.

Kommunen samarbeider med Setesdal Regionråd og har eit eige næringsfond som vert nytta til å fremje næringsutvikling i kommunen.

Næringsfondet skal forgrinnsvis nyttast til næringsformål, som for eksemple bedriftsstøtte, tilrettelegging for næringsutvikling i regi av kommunen, samfunnsutvikling, ulike typar utviklingsarbeid med meir. Fondet kan også nyttast til kommunale investeringar i varige driftsmiddel. Næringsfondet dekker ikkje avdrag og renter på lån eller laupande drift.

Vedtektene til næringsfondet finn du HERLenke til Setesdal regionråd

Kommunen sin kontaktperson i høve næringssaker er stabsleiar økonomi og næring Knut Olav Forgard.