Motorferdsel i utmark og vassdrag
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Snøskuterar og motorkøyretøy
Skal du bruke motorkøyretøy eller luftfartøy i utmark til føremål som ikkje er offentleg kjende nytteføremål, må du søkje kommunen om løyve. Turkøyring kan skje i fastsette snøskuterløyper til slikt føremål.
Vannskuter og andre motorfartøy
Vannskuterar er i utgangspunktet tillate i innsjøar større enn 2 kvadratkilometer, på elvestrekningar og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer dersom desse går inn som ein del av eit farbart vassdrag. Men kommunen kan avgrense bruken.
Kriterium/vilkår
Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei føremåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter til og frå hytter.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Sjå blant anna naturmangfoldlova § 7 og småbåtlova §§ 38, 39 og 40.
Lover
ForvaltningslovenFriluftsloven
Motorferdselloven
Naturmangfoldloven
Småbåtloven
Forskrifter
Forskrift for motorkjøretøyer i utmarkForskrift om forbud mot helikopterskiing m.m.
Rettleiing - korleis få utført
Kommunen (eller Statsforvaltaren) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.
Vedlegg
- Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
- Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
- Kart som viser køyretraseen
- Eventuell dokumentasjon av særlege behov
Søknadsfrist
Søknaden må sendast i god tid.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktavdeling
Avdeling: | Drift og forvaltning |
Telefon: | 37 93 47 00 |
Epost: | post@bygland.kommune.no |
Postadresse: | Sentrum 18 4745 BYGLAND |
Besøksadresse: | Sentrum 18 4745 BYGLAND |
- Oppdatert:
- 2020-01-20 13:37
- Gyldig til
- 2020-11-30