Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Legionellasmitte - førebyggjande tiltak

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Eig du ei verksemd som kan spreie legionellabakteriar, skal du sende melding til kommunen ved oppstart og ved utvidingar eller endringar, og eventuelt ta mikrobiologiske prøver. Du skal sjå til innretningane regelmessig og leggje opp gode rutinar for drift og vedlikehald.
 

Du sender melding dersom verksemda har

  • kjøletårn
  • luftskrubbar
  • badeanlegg
  • boblebad som er tilgjengeleg for allmenta

Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.

Du tar mikrobiologiske prøver dersom verksemda har

  • kjøletårn
  • luftskrubbar
  • fuktanlegg
  • innandørs fontene 

så sant du ikkje kan dokumentere at vekst og spreiing av legionellabakteriar ikkje vil skje. 

Dersom det er mistanke om utbrot, skal du ta mikrobiologiske prøver av alle installasjonane som kan vere årsaka til smitten før du går i gang med å reingjere og desinfisere.

Legionellabakteriar finst naturleg i låge konsentrasjonar i overflatevatn og jordsmonn. Det er først når dei får formere seg over lengre tid i lunka vatn i tekniske installasjonar, at dei kan føre til smittefare. VVS-installasjonar som kjøletårn, dusjanlegg og boblebad blir rekna som dei viktigaste kjeldene, men òg andre kjelder (som luftskrubbarar, sprinklaranlegg og fontener) kan overføre bakterien. 

Målgruppe

Eigarar av verksemder eller eigedomar som direkte eller indirekte kan spreie legionella

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10. Sjå òg arbeidsmiljøloven § 4-1, folkehelseloven kap. 3 og plan- og bygningsloven § 29-6.

Lover

Arbeidsmiljøloven
Folkehelseloven
Plan- og bygningsloven

Forskrifter

Byggteknisk forskrift (TEK17)

Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu

Forskrift om allmennfarlige smittsomme sykdommer

Forskrift om miljørettet helsevern

Forskrift om tiltaks- og grenseverdier

Internkontrollforskriften

Forskrifter

Forebygging av legionellasykdom (HOD)

___

Saksbehandling

Melding om verksemda inneber ikkje at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Helse
Telefon:37934700
Epost:kjersti.plathe@bygland.kommune.no
Postadresse:Sentrum 18 4745 BYGLAND
Besøksadresse:4745 BYGLAND

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-10-31 11:15
Gyldig til2019-10-31