Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 14. juli og fram til valdagen, måndag 13. september, på desse stadene:

  • Coop Ose
  • Joker Bygland
  • Coop Byglandsfjord

Har du nyleg flutt til kommunen og folkeregisteret har tatt i mot flyttemelding frå deg innan 30. juni 2021, skal du stå i manntallet i tilflyttingskommunen. Blei flyttemeldinga mottatt etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flutte frå. Du kan då velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand.

Dersom du meiner sjølv, eller nokon annan, med urett er innført eller utelate frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.