Føremålet med planen er å legge til rette for utvikling av området med omsyn til etablering av næring og bustader. I tillegg er området bevart som fritidsområde for allmenta.

Eventuelle klagar

Kommunestyret sitt endelege vedtak i reguleringssaker kan klagast på jf. plan- og bygningslova § 12-12 og 1-9. Grunneigar og andre blir varsla ved dette brevet og planvedtaket blir kunngjort i Setesdølen og på Bygland kommune si heimeside. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til tre veker frå kunngjeringsdatoen.

Ei eventuell klage sendast til Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland eller e-post post@bygland.kommune.no innan 03.04.2019.

Erstatning/innløysing

Krav til erstatning eller plan- og bygningslova § 15-2 og krav til innløysing etter same lova § 15-3 må settast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord. Eventuelle krav må fremjast til Bygland kommune.

Plankart datert 07.01.19
Planbeskrivelse datert 07.01.19
Reguleringsføresegner datert 07.01.19
ROS-analyse datert 30.05.18