Føremålet med planen er å leggje til rette for camping, næring, bryggjer, fritids- og turistføremål med tilhøyrande infrastruktur.
Vedteken plan med vedlegg er å finne i planinnsyn på kommunen si heimeside.

Planvedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Agder i samsvar med §§ 12-12 og 1-9, jf. Kap. VI i forvaltningslova.

Klage må vere sett fram skriftleg til Bygland kommune, sentrum 18, 4745 Bygland innan 04.02.21.

Krav til erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter same lov § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord. Eventuelle krav må fremjast til Bygland kommune.

Planvedtak

Føresegner

Plankart endeleg

Vedteken planomtale