Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kommunepsykolog i Setesdal

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Kommunepsykolog i Setesdal er eit lågterskeltilbod til barn, unge og deira familiar, samt unge vaksne med lettare psykiske lidelsar eller livskriseproblematikk. Tenesta skal ha eit allmennpsykologisk perspektiv. Psykologen driv både førebyggjande arbeid, klientretta arbeid, samt rettleiing av helsepersonell. Hovedkontoret ligg på Evje, medan utekontoret ligg i Valle.

Psykologen har fylgjande arbeidsområde:
- Ivareta lågterskeltilbod (kort ventetid på samtale)
- Befolkningsretta, gruppevise familie- og individretta tiltak
- Førebyggjande helsearbeid
- Utgreiing, diagnostikk og behandling/terapi av personar med lettar psykiske lidelsar med behov for kortvarig oppfylgjing (1 - 6 samtalar)
- Rettleiing/undervisning av personell som arbeider med barn/unge, eller med personar med psykiske lidelsar.
- Tverrfagleg samarbeid, kompetanseutveksling, samt rettleiing av interne samarbeidspartnarar.

Typiske henvendelsar kan vere lettare angst/depresonstilstander, livskriser (som for eksempel sorg) eller stressrelaterte vanskar. Hjå barn kan det i tillegg til leggare psykiske lidelsar vere tale om å vere trist/engsteleg, dårleg sjølvtillit eller vanskar med å komme over tap/kriser (t.d. samlivsbrot, død, flytting).

Det er viktig at psykologen ikkje blir ein "omveg" eller "i staden for"- veg for barn og vaksne som skal ha hjelp hjå andre instansar, som t.d. spesialisthelseteneste, PPT eller BUP. Det kan likevel vere oppgåver psykologen skal/bør gjere akutt eller i ei eventuell ventetid. Psykologen vurderer om vedkomande er rette hjelpeinstans.

Målgruppe

Barn, unge og deira familiar, samt unge vaksne med begynnande lettare psykiske lidelsar

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Ein ber pasienter som ikkje kan møte til avtalt time om å avbestille så tidleg som muleg, slik at ein kan gjeve tilbod om timane til andre.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

___

Rettleiing - korleis få utført

Tenesta er eit lågterskeltilbod. Du kan kontakte kommunepsykologen direkte, anten skriftleg eller pr telefon i telefontida. Fastlege kan og henvise til psykologen, jf retningsliner for henvisningar.

Evje, kontor for Evje og Bygland:
Evjeheimen 1. etg: måndag, torsdag og fredag
Postadresse: Evje og Hornnes kommune, Kasernevegen 19, 4735 Evje
Telefontid: Alle kvardagar kl 08:30 - 09:00
Telefon: 94 52 09 66

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Personal- og administrasjonsavdelinga
Telefon:37 93 47 00
Epost:post@bygland.kommune.no
Postadresse:Sentrum 18 4745 Bygland
Besøksadresse:4745 BYGLAND

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-10-31 11:15
Gyldig til2019-10-31