Sjå framlegg til budsjett 2021 og økonomi- og handlingsplan 2021-2024, samt gebyrregulativ for 2021 og protokoll frå formannskapsmøtet 18.11.20 nedst i denne saka.

Den 11.12.19 vedtok kommunestyret at dei årlege driftsbudsjetta skal leggjast fram i balanse utan bruk av ordinært disposisjonsfond (kommunen sine oppsparte midlar), noko som og legg sterke føringar på budsjetta frå 2021 og framover.

Formannskapet handsama årsbudsjett 2021 og økonomi- og handlingsplan 2021-2024 i møtet 18.11.20 og legg det ut til offentleg ettersyn 19.11.20. Det blei ikkje gjort endringar i budsjettframlegget i møtet 18.11.20, men dei politiske partia skal handsame budsjettet i sine grupper i perioden fram mot kommunestyremøtet 10.12.20, kor budsjettet blir endeleg vedteke. Kommunedirektøren sine betraktningar knytte til budsjettforslaget følgjer i dei neste avsnitta.

Innhaldet og kvaliteten i tilboda må setjast framfor strukturen på tilboda viss Bygland kommune skal ha ressursar til å sikre gode tenester i framtida. På grunn av stor reduksjon i kraftinntektene (inkl. utbytte frå Agder Energi) må kommunen redusere utgiftene med dryge 5 mill. i 2021. Einingane i kommunen har allereie redusert utgiftene i 2020 etter «ostehøvelprinsippet», men ein ser at det ikkje vil vere mogleg å kutte ytterlegare 5 mill. etter dette prinsippet. Låge straumprisar i 2020 tilsei og at kommunen sine kraftinntekter, samt utbytte frå Agder Energi, mest sannsynleg ikkje vil bli høgare i åra som kjem.

Etter fleire økonomisk gode år for kommunen, måtte ein i 2019 bruke 5,7 mill. av kommunen sine oppsparte midlar for å få driftsrekneskapet i balanse. Dette viser at kommunen sine faktiske utgifter er betydeleg høgare enn inntektene, og er også eit viktig moment å ha med seg inn i handsaminga av budsjettet for 2021.

Kommunedirektøren føreslår difor i sitt budsjettframlegg for 2021 å slå saman 1-7. trinn på Byglandsfjord og Bygland skule, med verknad frå skuleåret 2021/2022. Ein ny samla skule blir lokalisert til Bygland. Forslaget inneber at SFO og barnehage består som før. Dette forslaget må og sjåast i samanheng med det sterkt fallande talet på barn i kommunen. I 2001 var det 181 barn i kommunen i alderen 6-15 år, i 2020 er det 122. Prognoser for 2021-2024 viser at Byglandsfjord og Bygland skule 1-7. trinn skal ned i høvesvis 37 og 33 elevar på det lågaste. Talet på innbyggjarar totalt er redusert frå 1341 i 2001 til 1145 i 2020. Ein ser det er nødvendig å dimensjonere kommunen si drift etter folketalet. Forslaget inneber ei estimert innsparing på 4-6 mill. når dette får full årseffekt.

Kommunedirektøren har og vurdert å innføre eigedomsskatt og samtidig oppretthalde dagens skulestruktur. Gitt ein sats på 4 promille, vil dette gje ei estimert inntekt på kr 3-4 mill. for kommunen. Likevel, i ein kommune som allereie har eit relativt høgt nivå på kommunale avgifter, ser ein at eigedomsskatt fort kan ramme dei som er svakast stilt i samfunnet. Frå eit langsiktig og strategisk perspektiv ser ein og at eventuell innføring av eigedomsskatt (som vil bety at Bygland blir einaste kommune med eigedomsskatt i Setesdal), fort kan støytte bort potensielle nye innbyggjarar til kommunen. For ein eigedom på 120 m2 av «gjennomsnittleg» standard vil dette gje ein ekstrakostnad for innbyggjaren på om lag kr 3.000 i året. Merk at dette sjølvsagt vil variere ut frå taksten på eigedomen.

Kommunedirektøren har og vurdert følgjande alternativ:

  • Større kutt i budsjettrammene i kommunen sine einingar, gitt noverande struktur, er ikkje anbefalt, då det vil forverre kommunen sine tenester. Einingane har dessutan allereie redusert utgiftene sine med 4,2 mill.
  • Eigedomsskatt på næringseigedom: Gitt ein sats på 7 promille, vil dette gje 0,5-1 mill. i inntekt for kommunen, men ein ser at dette vil vere negativt for kommunen sett frå eit utviklingsperspektiv, då potensielle nyetableringar fort kan ende opp i nabokommunane som ikkje har eigedomsskatt.
  • Full kostnadsinndekning på kommunale avgifter: Viss inntektene frå kommunale avgifter skal dekkje kommunen sine kostnadar på vatn, avlaup, slamtøming, renovasjon og feiing fullt ut, vil kommunen få om lag 1,5-2 mill. i ekstra inntekter. Konsekvensen då vil vere at kommunen blir ein av dei dyraste i landet, spesielt på avlaup. Det er primært avlaupsgebyret som må aukast, og berre innbyggjarar som er kopla på det kommunale vass- og avlaupssystemet vil bli påført ein ekstrakostnad. For ein eigedom på 120 m2, som har forbruk målt etter areal og er kopla på kommunalt anlegg, vil dette innebere ein ekstrakostnad på litt under kr 6.000. Alle eigedomar som ikkje er kopla på dei kommunale anlegga, vil få tilnærma null auke i kostnad pga. at dei ikkje betalar avlaupsgebyr. Det vil gje ei ujamn fordeling blant innbyggjarane, og vil difor vere eit meir ugunstig alternativ enn eigedomsskatt.
  • Kommunen kan omdisponere bruken av inntektene på næringsfondet: Kommunen har om lag 2,1 mill. i inntekter til næringsfondet som kan nyttast til samfunnsutviklande føremål. Kommunen kan og omdisponere bruken av desse midla slik at dei berre gjeng til å betale avdrag på gjeld. Konsekvensen er at kommunen ikkje vil kunne innvilge næringstilskot, tilskot til drift av Bjoren, jordbrukstilskot, tilskot til fiberutbygging, finansiere kommunale reguleringsplanar, finansiere Setesdal Vekst osv. Kommunedirektøren tilrår difor ikkje dette alternativet.

Budsjett 2021 og økonomi- og handlingsplan 2021-2024 i korte trekk:

  • Merk at drifts- og investeringsbudsjetta er to ulike budsjett. Investeringskostnadane kan finansierast med låneopptak, samt at kostnaden blir fordelt over inntil 50 år. Slik er det ikkje med driftsbudsjettet, kor kostnadane må dekkjast fortlaupande. Her viser ein til budsjettoversiktene for drift og investering som ligg som vedlegg lengst bak i budsjettdokumentet.
  • Det er viktig for kommunedirektøren å presisere at kommunen har eit handlingsrom innanfor dei budsjettrammene som er føreslege. Del 5 i budsjettdokumentet – kommuneplanen sin handlingsdel – viser at det er mange positive tiltak som er planlagt gjennomført i 2021, og som vert gjennomført innanfor dei økonomiske rammene kommunen allereie har.
  • Grunna stor reduksjon i inntekter, manglar kommunen kr 5.017.000 for å få driftsbudsjettet i balanse utan bruk av disposisjonsfond (kommunen sine oppsparte midlar).
  • Stab og fellesutgifter (administrasjonen), oppvekstsektoren, helse og omsorg og drift og forvaltning har klart å redusere utgiftene med 4,2 mill.
  • Barnevernet har ei auke i utgiftene på om lag 1,5 mill. som gjeld barnevernssakar, mens avlaupssektoren har ei auke på rundt 1 mill. pga. investeringa i reinseanlegg på Bygland.
  • Kommunedirektøren føreslår følgjande endringar på kommunale avgifter:
    • Vassgebyra vert auka med 2,7 %
    • Avlaupsgebyra vert auka med 12,0 %
    • Slamgebyra vert auka med 2,7 %
    • Renovasjonsgebyra vert redusert med 5,0 %
    • Feiegebyret vert ikkje endra

Dette svarar til ei årleg auke på kr 1.087 for ein eigedom på 120 m2 som er kopla på kommunalt anlegg og har forbruk målt etter areal.

  • I investeringsbudsjettet har ein mellom anna prioritert turveg på Byglandsfjord, utvikling av stasjonsområdet på Byglandsfjord, lokale for ungdomsklubben og oppkjøp av eigedom på Presteneset på Bygland for vidare utvikling av dette området.
  • Det føreslegne investeringsnivået for 2021-2024 legg opp til å redusere gjelda kvart år.