Oppdatering 22.04.21
Kommunen har fått eit nytt tilskot på kr. 250 000 retta mot lokale verksemder. Tilskotet blir disponert etter same retningsliner som dei første midlane, slik at total pott til fordeling no vert på kr. 500 000. I og med at kommunen no har ein større pott til fordeling vert søknadsfristen utsett frå 20. april til 10. mai

Kven kan søkje?

Midlane skal gå uavkorta til bedriftene. Det er ikkje krav om eigenkapital. Alle bedrifter registrert i Bygland kommune kan i utgangspunktet sende søknad om støtte, men kommunen vil først og fremst  prioritere følgjande bedrifter:

  • Bedrifter med betydeleg fall i omsetninga frå 2019 til 2020 (må dokumenterast med rekneskapsoversikter for 2019 og 2020).
  • Bedrifter med betydeleg svekka likviditet (må dokumenterast med bankutskrift av bankinnskot e.l. før og etter covid-19-utbrotet i mars 2020).
  • Bedrifter som ikkje fekk støtte frå den statlege kontantstøtteordninga.
  • Bedrifter som er særleg hardt ramma av nasjonale smittevernstiltak, eller på andre måtar er særleg hardt ramma av covid-19-pandemien. Situasjonen vert beskrive i korte trekk med fokus på f.eks.:
    • Har bedrifta permittert eller sagt opp tilsette i perioden?
    • Har bedrifta måtte stenge ned verksemda heilt eller delvis?
    • Smittevernstiltak som legger føringar på, og avgrensar, ordinær drift?
    • Eventuelle andre forhold?
  • Bedrifter i etableringsfasen som har fått ein ekstra vanskeleg start grunna covid-19

 

Korleis søkjer ein?

Logg inn på www.regionalforvaltning.no med ny eller eksisterande brukar, og fyll ut skjema for «Kommunal kompensasjonsordning covid-19 – Bygland kommune».

Søknadsportalen i Regional Forvaltning er ikkje godt tilpassa dette føremålet, men det viktigaste er at søknaden inkluderer nødvendig dokumentasjon som vedlegg (kontoutskrifter, rekneskapsoversikter og skatteattest), og en kort tekst om situasjonen. I dei felta kor ein vert bede om å fylle ut tall, så kan ein la dei stå blanke, eller fylle ut «0».

Andre presiseringar

  • Bedrifta skal ha forretningsadresse i Bygland kommune.
  • Bedrifta må legge ved skatteattest.
  • Ved konkurs dei kommande 2 mnd. frå tildelingsdato, skal tilskotet betalast tilbake.
  • Offentleg eigde verksemder, samt lag og foreiningar, kan ikkje søkje på denne ordninga.

 

Sakshandsaming

Alle søknadar vert vurdert i samsvar med kriteria for tilskot. Kommunen fordeler midlane basert på innkomne søknadar.

Søknadane vert handsama innan 31. mai.  

For meir informasjon, ta kontakt med stabsleiar økonomi og næring, Knut Olav Forgard, knut.forgard@bygland.kommune.no

 

Søknadsfristen vert sett til 10. mai