Kven kan søkje?

Midlane skal gå uavkorta til bedriftene. Det er ikkje krav om eigenkapital. Alle bedrifter registrert i Bygland kommune kan i utgangspunktet sende søknad om støtte, men kommunen vil først og fremst  prioritere følgjande bedrifter:

  • Bedrifter med betydeleg fall i omsetninga frå 2019 til 2020 (må dokumenterast med rekneskapsoversikter for 2019 og 2020).
  • Bedrifter med betydeleg svekka likviditet (må dokumenterast med bankutskrift av bankinnskot e.l. før og etter covid-19-utbrotet i mars 2020).
  • Bedrifter som ikkje fekk støtte frå den statlege kontantstøtteordninga.
  • Bedrifter som er særleg hardt ramma av nasjonale smittevernstiltak, eller på andre måtar er særleg hardt ramma av covid-19-pandemien. Situasjonen vert beskrive i korte trekk med fokus på f.eks.:
    • Har bedrifta permittert eller sagt opp tilsette i perioden?
    • Har bedrifta måtte stenge ned verksemda heilt eller delvis?
    • Smittevernstiltak som legger føringar på, og avgrensar, ordinær drift?
    • Eventuelle andre forhold?

 

Korleis søkjer ein?

Logg inn på www.regionalforvaltning.no med ny eller eksisterande brukar, og fyll ut skjema for «Kommunal kompensasjonsordning covid-19 – Bygland kommune».

 

Andre presiseringar

  • Bedrifta skal ha forretningsadresse i Bygland kommune.
  • Bedrifta må legge ved skatteattest.
  • Ved konkurs dei kommande 2 mnd. frå tildelingsdato, skal tilskotet betalast tilbake.
  • Offentleg eigde verksemder, samt lag og foreiningar, kan ikkje søkje på denne ordninga.

 

Sakshandsaming

Alle søknadar vert vurdert i samsvar med kriteria for tilskot.

Søknadane vert handsama innan 15. mai.  

For meir informasjon, ta kontakt med stabsleiar økonomi og næring, Knut Olav Forgard, knut.forgard@bygland.kommune.no

 

Søknadsfristen vert sett til 20. april.