Kommuneplanen sin arealdel er den overordna arealplanen som styrer kvar det er lov til å bygge i kommunen, og kva ein kan bygge innanfor desse områda. Kvar skal det bli bygd bustader, industri eller hytter, og kvar skal vi ta vare på landbruks-, natur- og friluftsverdiar slik dei er i dag? Dette, og meir til, skal vi ta stilling til når vi reviderer kommuneplanen sin arealdel.

Plan, miljø- og ressursutvalet er styringsgruppe for arbeidet med arealdelen. 27. november 2020 vedtok dei innspelsrettleiaren for revidering av arealdelen. Denne saman med planprogrammet, fortel korleis vi skal gjennomføre planarbeidet.

13. august 2021 er det frist for å kome med innspel til planarbeidet. Vi ønskjer å høyre frå deg som ønskjer ein annan arealbruk enn den som er vist i kommuneplankartet i dag, og deg som meiner at eit område har så store kvalitetar slik det er i dag, at det ikkje bør bli endra eller bygd ned. Hugs at det vanlegvis er 8-10 år mellom kvar gong kommuneplanen sin arealdel blir revidert, så her gjeld det å tenke langsiktig.

Vi har laga en innspelsrettleiar (PDF, 1 MB) for å hjelpe deg som vil kome med innspel til arealdelen. Her kan du finne informasjon om korleis kommunen vil vurdere og prioritere forslag om endra arealbruk. I innspelsrettleiaren finn du kva for informasjon innspela må innehalde, og informasjon om kva du ikkje treng å ta med i innspelet.

Alle innspel om endra arealbruk må innehalde følgjande opplysningar:

  • Namn på forslagstillar
  • Kontaktinformasjon (adresse, e-postadresse og telefonnummer)
  • Gards- og bruksnummer på eigedomar som blir foreslått omdisponert / ønska endra
  • Rørte grunneigarar
  • Ønska arealformål
  • Kort beskriving av korleis ein ser for seg at området skal bli nytta
  • Vurdering av konsekvensane for omgjevnadane/nabolaget
  • Beskriving av området slik det er i dag
  • Er alle rørte grunneigarar kjent med og einige i innspelet?
  • Kart som viser
    • Område som blir foreslått omdisponert
    • Mogeleg  vegframkomst til området
    • Eigedomsgrenser

* Med rørte grunneigarar meiner ein både dei som eig det arealet som blir foreslått omdisponert, og grunneigarar på naboeigedomar dersom det er nødvendig å bruke delar av deira eigedom for å legge teknisk infrastruktur som veg, vatn og straum inn til utbyggingsområdet. Det må kome tydeleg fram av innspelet kva for naboeigedomar som kan bli rørt, og om dette er avklart med dei rørte grunneigarane.

Visst du har andre typar innspel, finn du kva for informasjon vi treng i innspelsrettleiaren.

Innsending

Visst du har fleire innspell om endra arealbruk på ulike stader eller til ulike formål, ber vi om at desse blir sendt kvar for seg.

Lenke til innspelsskjema

Dersom du ikkje nyttar det digitale skjemaet, så ver nøye med å få med å få med alle opplysningar jf. lista over.

Send til:

Bygland kommune
Sentrum 18
4745 Bygland

Eller til: post@bygland.kommune.no

Merke innspel til planarbeidet med «Innspel til kommuneplanen sin arealdel [gnr/bnr]»

LENKER:

Innspelsrettleiaren

Planprogrammet

I kartløysinga finn du gjeldande kommuneplan ved å klikke på "Kartlag - Plandata Bygland"

Treng du meir tid?

​Det er mogleg å be om utsett frist. Ta kontakt før 13. august dersom du har behov for meir tid, så kan vi avtale ein ny frist.

Spørsmål

Dersom du lurar på noko du ikkje finn svar på i planprogrammet eller innspelsrettleiaren er det berre å ta kontakt.

E-post: post@bygland.kommune.no

Telefon: 379 34 730