Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Innbyggjarinitiativ

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Som innbyggjar i kommunen (eller fylkeskommunen) har du rett til å krevje at eit konkret forslag blir behandla av kommunestyret (eller fylkestinget). Du må ha støtte frå andre innbyggjarar for forslaget ditt. Du har òg denne retten sjølv om du er under 18 år. 

    Det er gjerne stor mobilisering rundt enkelte saker lokalt. Tanken er at initiativretten kan bidra til å kanalisere dette engasjementet inn i det politiske systemet.

    Du kan opprette saker elektronisk på misak.no.

    Målgruppe

    Innbyggjarar som er registrerte som busette i kommunen (dersom forslaget blir fremja for kommunen) eller i fylket (dersom forslaget blir fremja for fylkeskommunen). Forslag kan òg fremjast av personar under 18 år.

    Kriterium/vilkår

    Eit forslag må ha støtte frå minst to prosent av innbyggjarane. Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid nok.

    I den same valperioden kan det ikkje fremjast forslag dersom dette har

    1. same innhaldet som eit tidlegare innbyggjarforslag, eller
    2. same innhaldet som ei sak som er behandla av kommunestyret eller fylkestinget i løpet av valperioden

    Kommunestyret (eller fylkestinget) står fritt til å ta saka opp til behandling sjølv om vilkåra for eit innbyggjarforslag ikkje er oppfylte. 

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Mi sak - kom med di sak
    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå kommuneloven § 12-1 Innbyggerforslag.

    Lover

    Forvaltningsloven
    Kommuneloven

    Retningslinjer

    Innbyggjarforslag (rettleiing)

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du må formulere eit forslag om det du ønskjer kommunestyret (eller fylkestinget) skal ta stilling til. Ta kontakt med kommunen (eller fylkeskommunen) for meir rettleiing. Dersom forslaget blir avvist fordi dei formelle vilkåra for behandling ikkje er til stades, bør kommunen (eller fylkeskommunen) opplyse deg eller dykk om kva som skal til for at forslaget skal bli akseptert for behandling.

    Vedlegg

    Du må dokumentere støtta til forslaget med underskrifter. Det må klart gå fram at underskrivarane støttar det som forslaget går ut på.

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Kommunestyret (eller fylkestinget) må sjølv ta stilling til det forslaget som blir fremja.

    Saksbehandlingstid

    Kommunestyret (eller fylkestinget) skal ta stilling til eit forslag innan seks månader etter at det er blitt fremja. Tidsfristen gjeld ikkje dersom forslaget viser til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova. Som initiativtakar skal du eller dykk bli orienterte om dei avgjerdene som blir tekne med bakgrunn i forslaget.

    Klagemulighet

    Du kan ikkje klage på alle vedtaka om å avvise eit forslag. Høvet til å klage gjeld berre dersom saka ville ha vore eit enkeltvedtak (etter forvaltningslova) om ho hadde blitt realitetsbehandla.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Plan og utvikling
    Telefon:37 93 47 00
    Epost:post@bygland.kommune.no
    Postadresse:Sentrum 18 4745 BYGLAND
    Besøksadresse:Sentrum 18 4745 BYGLAND
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-01-20 13:54
    Gyldig til
    2020-11-30