Desse gruppene skal ha vaksine med 6 vekers mellomrom. Pr. 18.6.21 har 431 innbyggarar fått ei dose vaksine, og 325 av desse er fullvaksinert med to dosar.

Bygland kommune har mange innbyggjarar over 65 år og med underliggjande sjukdomar som skal prioriterast. Det medfører at vi må gi dose to med kortare tidsintervall enn til dei andre gruppene som no får vaksine med 12 vekers mellomrom mellom fyrste og andre dose. Vi har godt samarbeid med legane som prioriterer dei med underliggande sjukdomar etter oppsett frå Folkehelseinstituttet. Hvem kan få koronavaksine, og når forventer vi å kunne vaksinere ulike grupper? - FHI

Det vil bli fleire som no kan få fyrste dose i løpet av sommaren når intervallet er 12 veker. 

AstraZeneca

Vi fekk 100 dosar AstraZeneca vaksine, men ein halv time før vi skulle setje fyrste vaksinen kom meldinga om alvorlege biverknader og vi måtte sende avlysing til alle som hadde fått time til vaksine. I og med at vi ikkje fekk brukt vaksinen fekk vi heller ikkje 100 dosar Pfizer vaksine til andre gangs vaksinering. Dette medførte at 100 personar måtte vente på å få den ordinære Pfizer vaksinen etter alder og risiko kriterium. 

Planlegging og innkalling

Vi har fått frå 6 til 54 dosar i kvar veke, dei som fordeler dosane til kommunane tek ikkje omsyn til alderssamansetjing eller innbyggjarar som er prioritert på grunn av sjukdom. Vi måtte utarbeide ein detaljert plan for vaksinering før jul i fjor utan å vite kor mange vaksinar vi fekk. Det har i ettertid vist seg at vi måtte endre mykje på planen undervegs då vi fekk betydeleg færre dosar enn vi var førespegla.

Vi veit kor mange dosar vi får ca. 10 dagar før dei kjem til kommunen. Det har vore frustrerande for befolkninga og for oss som skal planleggje at det stadig kjem lovnader på store leveransar av vaksinar og så blir det endra igjen. Kvar veke har vi møte med vaksinekoordinator og fylkeslegen hos Statsforvalteren og vi må skriftleg rapportere detaljert kor langt vi er komne i vaksineringa. Vi vaksinerer etter retningslinjer som er bestemt av Folkehelseinstituttet.

Planlegging og innkalling blir gjort av tilsette i kommunen ved sidan av dei daglege oppgåvene. Vi sender ut melding om time på varsling 24 og følgjer opp dei vi ikkje får svar frå, anten ved sms, telefon eller brev. Når vaksinen er sett, blir det registrert inn i eit nasjonalt vaksineregister slik at ein kan ta ut vaksinepass frå Helsenorge.no. etter dose to.

Når vi skal vaksinere må vi leige inn ekstra helsepersonell for å gjennomføre vaksineringa. Drift og Forvaltning hjelper med praktisk hjelp dersom vi får så mange dosar at vi kan gjennomføre dagar med massevaksinering.

Nå vaksinerar vi i ei leilegheit på Byglandsheimen, men får vi mange vaksinar må vi bruke idrettshallen på Bygland.  Vi gir beskjed om møteplass.

Det er viktig å kome presis til vaksinering slik at det ikkje blir for mange på ei gong.