Innleiing

Bygland kommune er i full gong med planlegginga for vaksinasjon mot Covid-19. Når det gjeld detaljar omkring den konkrete gjennomføringa i Bygland kommune, vil kommunen sende ut informasjon om dette i løpet av veke 52.

Bygland kommune oppmodar alle innbyggarar om å setje seg inn i informasjon om vaksinane. Det finst ein del informasjon tilgjengeleg på internett, og det er jamlege oppdateringar i nyheitene på TV. Vi har forståing for at ikkje alle har like god kompetanse på internett, så vi håper at pårørande, naboar og vener kan bidra med å spreie informasjon. Kommunen vil bidra i informasjonsarbeidet ved å få lagt ut skriftleg informasjon på butikkar, bibliotek og andre møtestader i kommunen.

Generell informasjon om vaksinen

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og det er kommunane som skal tilby innbyggarane vaksinasjon. Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er enno usikkerheit knytt til kor fort vi kan få dei.  Når vaksinane kjem vil dei vere gratis for alle, og vi håper flest mogleg vil takke ja. All vaksinasjon i Noreg er frivillig.

Vaksinane er førebels ikkje godkjente, men det er forventa at dei kan bli det i løpet av nokre få dagar. Då vil vi forhåpentlegvis kunne starte vaksinasjon på nyåret. Koronavaksinane er ein ny type vaksine med svært kort haldbarheit i kjøleskap, og dei som ønskjer vaksine må difor vere avklara på førehand og tilgjengelege når vaksinane kjem til kommunen. Her vil kommunen kome ut med meir informasjon etter kvart.

Sett deg inn i informasjon fra FHI om koronavaksinene her

Hvor fort kan vaksinasjon starte i Norge? 

Kven blir prioritert i fyrste omgang?

Koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 

I starten vil det ikkje vere nok vaksinar til alle som tilrådas koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har regjeringa gitt følgjande prioritering: 

  1. Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader
  2. Eldre over 85 år 
  3. Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år 
  4. Personer 18–64 år med éin eller fleire nærare spesifiserte sjukdommar som dei har frå før. 

Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene, men dette kan bli endra om smittepresset aukar, eller smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.