I samsvar med plan- og bygningslova §3-7 og §12-10 legg Statens vegvesen ut forslag til detaljreguleringsplan for rv. 9 Storstraumen, kurveutbetring i vest med planid 202105 og tilhøyrande dokument ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden  06.07.22 – 07. 09.2022.

Planforslaget omfatter ei strekning på ca. 250 m vest for Storstraumen. Føremålet for planarbeidet er å legge til rette for auka trafikktryggleik gjennom utbetring av kurvatur.

Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg til Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller til firmapost@vegvesen.no innan 07.09.22 og merkast med sak. nr. 22/212.

For nærare informasjon om planarbeidet kontakt Statens vegvesen ved planleggingsleiar Jon Olav Upsal på tlf.  924 42 753 eller på epost: jon.olav.upsal@vegvesen.no.